onsdag 5. november 2008

Nokre relevante og nokre ikkje fullt så relevante tankar om Kognitiv teori!

Ein mann vart funnen i ein grøftekant, utan synlege teikn på skadar. Besynderleg nok kunne mannen verken gjere greie for kven han var eller kva han gjorde på staden han vart funnen. Mannen leid av hukommelsestap. Språket var i god behald, han kunne til og med snakke opp til fleire språk. Faktisk var mannen så godt som fødd i går, skulle man teke utgongspunkt i erfaringsgrunnlaget hans. Han tolka verda ut ifrå det han såg der og då. Som eit resultat av at han hadde gløymt alt av sin eigen barndom, visste han ikkje at eit barn ein dag ville bli vaksen. Han trudde born var ein type menneske og at vaksne var ein annan, nesten som ulike artar innanfor dyreverda. All lærdom basert på personlege opplevingar og erfaringar, var borte vekk. Langtidsminnet til mannen var blitt svekka. Derimot var dei automatiserte ferdighetene framleis i god stand.

I Kognitiv teori sitt syn på langtidsminnet skil ein mellom ferdighetsminne og kognitivt minne: episodisk/semantisk minne. Ferdighetsminnene våre er i stor grad automatiserte kunnskapar som sjeldan vert borte frå minnet. Den kognitive kunnskapen vår er meir abstrakt, og kan i motsetnad til ferdighetskunnskapane lærast i ein læringssekvens. Det episodiske minnet, består av personlege erfaringar og opplevingar. Det semantiske minnet er ofte upersonleg kunnskap som me ofte finn i skulesamanheng. I nyare tid har ein prøvd å knytte denne typen opp mot episodisk kunnskap, ved til dømes storyline-metoden. Elevane byggjer opp ein samanhengande historie der dei er nødt til å skaffe seg informasjon om temaet for å fullbyrde historien.

På 1950-talet då dei første datamaskinane vart utvikla, vart interessa for kognitive prosessar eit sentralt interessefelt blandt filsofar. Dei samanlikna menneskesinnet med korleis ein datamaskin lagrar kunnskap. Slik eg ser det er det mange klare parallellar. Men ein viktig skilnad er at når du overfører informajson til ein datamaskin reproduserer den kunnskapen. Dersom du gir samme informasjon til ein skuleklasse,vil du tvert i mot aldri kunna forutseie korleis informasjonen blir lagra i hovudet deira. For så vidt kan ein ikkje forutseie om informajsonen i hele tatt vil bli lagra.

Kognitivistane skapte delinga mellom kunnskap og informasjon. Informasjon kan overførast, medan kunnskap vert til ved persepsjon. Dermed vert assimilasjon og akkomodasjon sentrale begrep innan kognitivsimen. Menneska strukturer kunnskap ved å setja dei inn i eksisterande skjema. Dersom ny informajson ikkje går overeins med tidlegare skjema, må skjema omordnast slik at den nye informasjonen passar inn.

I tretrinnsmodellen vert hukommelsesprosessen skildra slik: Ytre stimuli går direkte til sansergisteret, der noko av sanseintrykka vert snappa opp av korttidsminnet utan at det er sjølvsagt at det festar seg i hukummelsen. Noko av sanseintrykka vil bli lagra i langtidsminnet vårt.

Kvar einaste dag opplever me tusenvis av sanseintrykk. Skulle me ha teke alt til oss i like sterk grad, ville me nok blitt overaust med informasjon. Heldigvis filtrerer hjernen ut noko av informasjonen, slik at somme ting vert ståande att medan andre ting forsvinn. Men kva er det som avgjer kva som blir ståande og kva som fell bort?

Det me lærer er sjølvsagt avhengig av kva merksemda vår er retta mot. I løpet av ein time hadde elevane i klasse 5a hatt om statistikk og søylediagram. I slutten av timen hadde elevane lagt sine eigne diagram, men med nokså ulikt resultat. Eva hadde lagt eit pent og pynteleg søylediagram, men søylene gav ingen informajson. Ole derimot, hadde riktig nok ikkje brukt linjal, men søylene var rett plassert etter tallinja. Dette viser kor ulikt me menneske oppfattar informasjon som vert presentert for oss. Eva hadde vore mest oppteken av at det skulle sjå pent og ryddig ut, medan det var Ole som verkeleg hadde forstått meininga med søylediagrammet.

Kva merksemda vår er retta vil eg tru har ein samanheng med kva interesser me har, og kva måtar me lærer på. Somme elevar skriv side opp og side ned med notatar for å lagre kunnskap. Andre ser ut som dei har tankane ein heilt annan stad, vippar på stolen kanskje og skriv lappar med sidemannen. Likevel sit dei kanskje med like mykje kunnskap i slutten av undervisningsøkta som den eleven som verka betrakteleg meir konsentrert. Me lærer ulikt. Somme lærer best ved auditive metodar, andre ved visuelle eller taktile. Nokon lærer kanskje bra med ein kombinasjon av desse. Det er derfor viktig at læraren har lagt seg opp ei meining om korleis kvar enkelt elev tileignar seg kunnskap. Det har med tilpassa opplæring å gjere.

Kognitivismen legg vekt på metakognisjon. Ein er bevisst på eigen læring og motivasjon. I den norske skulen i dag legg ein i mykje større grad vekt på at elevane skal læra å ta ansvar for eiga læring. Dei skal også læra å vurdera sitt eige og andre sitt arbeid. Dette er i høgste grad kognitivistiske tankar, og eg trur personleg ein lærer alt for lite om å vere bevisst på korleis ein sjølv lærer best. Dette burde nesten vore eit obligatorisk skulefag i seg sjølv, ettersom det kunne ha spart både elevar, lærarar og foreldre for mykje krefter. Å ta ansvar for eiga læring, trur eg er noko norske elevar i høgste grad treng å jobba med. Me er for utskjemte, og støttar oss til at systemet fangar oss opp uansett om me arbeider eller ikkje. Ein må arbeida med haldningane til elevane! Kanskje det er ein god start å byrja for å ta innersvingen på Finland?

6 kommentarer:

Halgerd sa...

Hei Astrid :-)
Jeg synes du beskriver kognitivismen bra i bloggen din.
Jeg er også enig med deg ang. ansvar for egen læring. Samtidig er det viktig å lære elevene hvordan de kan ta ansvar for egen læring. Tror ikke alle synes det er like lett å vite hva som er et godt "redskap" for å lære. Som du påpeker, lærer noen ved å notere, mens andre kan klare seg ved bare å høre "budskapet". Jeg er helt enig med deg i, at det burde være et obligatorisk fag i skolen som underviste elevene i metakognisjon.
Jeg tror at mange hadde hatt bedre resultat etter endt skolegang.

astrid sa...

Takk for kommentaren Halgerd:)

Steinar sa...

Hei! Du har skrive eit godt og innsiktsfylt innlegg!

Mot slutten og i innlegget til Halgerd er de innom det viktige temaet "ansvar for eigen læring". Nokre viktige metakognitive spørsmål er i kva grad elevane er i stand til å ta ansvar for dette? Når blir dei eventuelt i stand til det? Er alle studentane ved HSH i stand til det?

Kva kan me som lærarar gjere for å hjelpe til?

astrid sa...

Eg trur det er heilt individuelt kor tid me byrjar å ta ansvar for eiga læring. Men det er viktig at elevane har ein motivasjon som driv dei. Elevane må ha lyst til å læra, og dei må forstå hensikta med å læra det. At man er høgskule eller universitetsstudent gjer deg ikkje automatisk ansvarleg for eiga læring. Men på ei anna side så kan ein jo seie at det burde vere slik. Ein har trass velt å studera av eigen fri vilje.

astrid sa...

Eg trur det er heilt individuelt kor tid me byrjar å ta ansvar for eiga læring. Men det er viktig at elevane har ein motivasjon som driv dei. Elevane må ha lyst til å læra, og dei må forstå hensikta med å læra det. At man er høgskule eller universitetsstudent gjer deg ikkje automatisk ansvarleg for eiga læring. Men på ei anna side så kan ein jo seie at det burde vere slik. Ein har trass velt å studera av eigen fri vilje.

Steinar sa...

Godt poeng på slutten der!