onsdag 12. november 2008

kognitiv og sosial konstruktivisme

Kva er kunnskap eigentleg? Har me som menneske oppdaga allereie eksisterande kunnskap eller har me konstruert kunnskapen sjølv? Tidleg på 1900-talet vaks det fram ei retning som skulle setje preg på framtida si oppfatning av kunnskap. Sveitsaren Jean Piaget utvikla adapsjonsteorien (tilpassingsteorien) og hevda at kunnskap måtte konstruerast av kvart enkelt individ. Menneska utviklar kognitive skjema ut frå den erfaringa dei har gjort. Me tilpassar nye observasjonar til det som er kjent for oss frå før(Assimilasjon). Dersom eksisterande skjema ikkje går overeins med dei nye observasjonane, må dei eksisterande skjema tilpassast (akkomodasjon).

Dermed blir det eit viktig poeng at for å lære noko nytt må stoffet som blir presentert for elevane skape ubalanse i dei eksisterande skjema, slik at eleven må tilpasse det han/ho kan frå før. Elevane må få oppgåver som dei kan strekkja seg mot.

I skulekvardagen vil ein alltid møta elevar som stiller med ulike forutsetningar innanfor dei ulike faga. Dessverre trur eg at alt for mange elevar også i dag vert sitjande å løysa oppgåver som dei allereie meistrar. Dei blir på eit statisk nivå. Det er viktig at elevane får utvikle seg i sitt eige tempo. Difor må læraren tilretteleggje for oppgåveløysing som ligg litt over det eksisterande kunnskapsnivået. Ein måte å gjere det på, meiner eg kan vere å la den eleven som eventuelt ligg føre dei andre innan eit emne, få nytta det han eller ho har lært gjennom å forklara til dei andre elevane og bruka språket. Det blir ein utfordring for eleven å setja ord på det han/ho faktisk har lært.

Piaget og den kognitive konstruktivismen har blitt kritisert for å sjå læring som ei einsom og lite sosial affære. Lev Vygotsky meinte piaget hadde mange bra teoriar, men han meinte at mykje av det menneska lærer, lærer dei i samhandling. Språket spelar mellom anna ein viktig rolle. Her kjem sosial konstruktivisme inn i biletet. Elevane lærer også her gjennom aktivitet, men med språket som reiskap.

2 kommentarer:

Sissel S.G. sa...

Veldig interessant innlegg.Eg er enig med deg i at alt for mange elevar vert sitjande å jobba med oppgåver dei allereie meistrar, og det vert lite interessant i lengden.God ide at dei som har fått tak på stoffet kan trena seg i å forklara andre, berre det ikkje vert ei kvilepute for læraren slik at dei flinkaste ikkje for nye utfordringar å strekkja seg mot. Eg veit at ved nokre ungdomsskular vert elevane delte etter nivå i matte. Kva synest du om det?

Steinar sa...

Eg vil hengje meg på det Sissel skriv, for eg trur også at det er stort potensial i å bruke medelevar til å forklare for dei andre. Kan komme med nokre gode grunngjevingar for det?