onsdag 26. november 2008

Kva er eigentleg intelligens?

Intelligens er eit ord som er vanskeleg å definera. Det finnest så utruleg mange svar på intelligens. For kan me eigentleg avgjere kven som er den mest intelligente av hjernekirurgen på operasjonssalen og biletkunstnaren nede i gata? På 1980-talet lanserte Harvard-forskaren Howar Gardner sin teori om Multi-intelligens. I følge han er me alle fødde med dei ulike typane intelligens, men me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad opp gjennom livet.
Gardner har funn fram til at menneske har minst sju ulike intelligensar:

1.Språkleg intelligens

2.Logisk/matematisk intelligens

3.Visuell intelligens

4.Musikalsk intelligens

5.Kroppsleg/kinestetisk intelligens

6.Intuitiv intelligens

7.Sosial intelligens


Opp gjennom tida har skulen i større og midre grad verdsett dei ulike intelligensane til elevane. Ein har tidlegare forsøkt å måle intelligens med diverse IQ-testar, som var laga for å måle personar sitt gennerelle intelligensnivå. Men ein tradisjonell IQ-test tek berre for seg språkleg og matematisk/logisk intelligens. Desse to intelligensane ligg begge i venstre hjernehalvdel. På grunn av mykje fokus på denne typen intelligensar frå skulen og samfunnet si side, nyttar me ikkje optimalt høgre hjernehalvdel, der kreativitet og nytenkjing ligg. Dermed vert vår totale hjernekapasitet redusert. (Kunsten å lære: http://home.online.no/~steinny/Kap1/7intelligenser.htm)


Det er svært viktig for oss som skal verta lærarar å kjenna til dei ulike måtane elevar lærer på og ulike læringstrategiar me kan nytta i undervisninga. Den vanlege forlesingsmetoden funkar muligeins for nokre, men slett ikkje for alle. Difor er det viktig at me lærer oss å kunna variera, slik at flest mogleg får så godt læringsutbytte som råd. Ikkje berre bør læraren vera obs på korleis dei ulike elevane best lærer, men elevane sjølve må bli bevisste på å finne ut kva som fungerar best for dei. Eg trur personleg at mange har prestert dårlegare enn naudsynt på skulen, rett og slett fordi dei ikkje har aning om korleis dei sjølv skal tileigna seg kunnskap.
Mange av talenta til elevane i skulen har tidlegare vore nedprioriterte fordi dei ikkje går overeins med samfunnet si oppfatning om kva som er viktig å kunna. Det er utrulig synd når ein tenkjer på alt det prositive som kunne komt ut av at elevane fekk nytta evnene sine. Menneske er skapt ulike, og det er iallefall eg evig takknemlig for. Eg les eit sitat på internett som eg meiner seier ein god del: "Ingen er flinke i alt, men alle er flinke i noko!"


4 kommentarer:

Steinar sa...

Her tek du opp noko som er svært viktig med tanke på tilpassa opplæring.

Og du har heilt rett i at både skule og elevar må bevisstgjerast om dei ulike intelligensane, men korleis ser du for deg at dette kan gjennomførast i praksis? Korleis vil du konkret hjelpe Kari eller Per til å finne ut kvar dei har styrken sin?

Britt Kari sa...

Hei:)
Den siste kommentaren din minner meg om en strofe fra en barnesang som jentene spilte da de var små: "Du er du og du duger!" Jeg er helt enig med deg i det at alle har sine sterke sider, og det trenger ikke nødvendigvis henge sammen med venstre hjernehalvdel!

Synes du har oppsummert emnet på ein god måte, og trukket ut det viktigste. Bra at du har illustrert intelligensene med et visuelt bilde, da vil ifølge teorien flere lesere få med seg poenget!

Er også enig med deg at skolen i for liten grad har tatt hensyn til dette. Om dette skyldes uvitenhet fra lærerne eller at det er for mye arbeid for læreren å tilrettelegge for flere intelligenser skal jeg ikke uttale meg om.

Godt jobbet! :)

astrid sa...

Takk for kommentaren steinar!

Eg trur det er viktig å opplyse elevane om dei ulike måtane ein kan lære på. Ikkje minst gjere dei bevisste på at alle lærer på ulikt vis.
Eg ville saman med elevane ha latt dei få prøve seg på ulike læringsstrategiar knytta til dei ulike intelligensane, og deretter prata med dei om kva dei synest dei fekk utbytte av. Kanskje også køyre ein liten test, for å sjå kva dei hadde fått med seg. Eg trur iallfall at det er viktig at læraren nyttar ulike metodar i undervisninga, slik at det kan omfamne alle dei ulike intelligensane. Det treng ikkje vere meir avansert enn ein natursti, eller ein powerpointpresentasjon for dei visuelle.

astrid sa...

Takk for kommentaren Britt Kari.

Eg trur også at det trengs nok ekstra ressursar for at ein skal kunne leggje til rette for fleire intelligensar i klasserommet. Men eg trur at det er mange små grep som kunne vore gjort, som ikkje blir gjort fordi læraren har vore i skulen i 20+++ år, og kanskje tviheld litt på den same førelesing-metoden som har vore vellukka i så mange år. Men denne måten å presentere stoff på, omfamnar ikkje alle. Det er vell slett ingen tilfeldighet at det er dei auditive, og dei visuelle som oftast har gjort det godt i den tredisjonelle skulen?