onsdag 24. september 2008

Pedagogisk grunnsyn

Eit pedagogoisk grunnsyn er dei ideologiane og verdiane du byggjer handlingane dine på. Her spelar religion/livsyn, politikk og menneskesyn ei sentral rolle. Oppgjennom tidene har filosofar heilt tilbake til antikken laga seg tankar om kva læring er. Synet på læring har alltid vore nært knytta opp til det som skjer elles i samfunnet.

Som sikkert mange andre, har eg eit eklektisk pedagogisk grunnsyn. Eg finn moment frå mange ulike psykologiske teoriar som samsvarar med det eg står for. Det pedagogiske grunnsynet mitt påverkar synet mitt på kva læring og undervisning er. Dette er det sjølvsagt ikkje noko fasitsvar på, men eg har gjort meg opp nokre tankar om det eg anser som viktig.


Undervisning består av at nokon blir undervist i noko. Aristoteles skildra barnet som ein leirklump som må formast. To tusen år seinare, samanliknar John Lock barnet med ei tom tavle som må fyllast, "tabula rasa". Desse går under kategorien tradisjonalistar. Her er læraren si oppgåve var å overføra kunnskap til eleven. Me får ein aktiv, autoritær lærar, der det vert lagt vekt på noko, altså faget.

Mange vil nok hevda at det tradisjonalistiske grunnsynet forlengst er gått ut på dato, men personleg synest eg det er nokre moment som det er viktig å ha med seg når ein skal ut i arbeidslivet. Skulen i dag er ikkje berre ansvarleg for at elevane tileignar seg kunnskap. Den fungerer også som eit aktivt organ i oppdragelsesprossesen. Difor meiner eg at elevane treng ein autoritær lærar som kan våga å vera ledar. Elevane må også ha ein viss dose basiskunnskap for å kunna møta dagens samfunn. Kanskje vil dei då vera bedre rusta til å møta ein litt friare skule, der elevane sjølve er med på å ta ansvar for eiga læring.

Progressivistiske tankar står som ei motvekt til tradisjonalismen, og viser til tankar som eg finn meg sjølv svært einig i. Her står elevane sine interesser i sentrum og læraren fungerer som veiledar og tilretteleggjar. Læring skjer gjennom aktivitet. Sokrates sa det på denne måten: "Du har kunnskapen inni deg, eg kan hjelpa deg med å forløysa den." Eg meiner det er kjempeviktig at eleven sine interesser skal stå sentralt når ein planleggjer undervisninga. Ein kan ikkje forventa at til dømes Kari skal ha same forutsetningane i norsk som Pia, når Kari aldri har lese ei einaste bok. Difor må ein leggje lista etter kva for eit nivå eleven ligg på. Med andre ord: eleven har rett til tilpassa opplæring.

Sokrates var også ein av grunnleggjarane av humanistisk filosofi, som set mennesket i sentrum. Ut i frå humansitisk psykologi sitt tankemønster er alle menneske fødd gode, og har grunnleggjande behov: mangel og vekstbehov(Maslows behovpyramide). Mennesket har ikkje behov for sjølvrealisering eller aktelse, dersom ikkje mangelbehova er innfridde, t.d. mat, luft, sikkerhet,kjærleik osv. Det blir lagt vekt på at mennesket søkjer meining med livet, og har evne til å ta ansvar for sine handlingar.

Eg trur at alle menneske ønskjer å ha ei meining med livet og at det ønskjer å skapa noko. Det er viktig at læraren kan motivera eleven til å henta fram desse behova slik at han/ho ønskjer å læra og ønskjer å utvikla seg. Her kjem også eleven sine interesser inn i biletet. Det er viktig at eleven kan føla meistring på eit eller anna felt. Det blir difor læraren si oppgåve å kunna variera undervisningen slik at kvar og ein føla meistring.

Eg har tru på at mennesket lærer når det får praktisera den teorien dei får frå læraren og frå andre kjelder, og hausta erfaring frå det dei har gjort, ("learning by doing", av John Dewey.) Som Vygotsky, meiner eg at språket er ein svært viktig reiskap for å kunna konstruera og "skapa orden" i kunnskapane våre. Her kjem konstruktivismen inn: Som lærande vesen konstruerer me vår eigen kunnskap. Dette gjer me ved å gjera ting, og hausta erfaring av det me gjorde.

Behaviorismen er ei retning som vaks fram som ein reaksjon på psykoanalysen. Behaviroristane sine tankar byggjer reint vitenskapeleg på det du kan sjå utan i frå. Dei meiner at adferda til mennesket kan endrast ved å endre stimulus, konsekvens eller begge desse, "straff og belønning"-prinsippet. Eg trur at det er heilt avgjerande at læraren kan oppmuntra og gi elevane kritikk enten dei har jobba godt eller dårleg. Det vil styrka motivasjonen og kjensla av at dei har gjort noko meiningsfullt. Det er viktig at kvar einskild elev får oppleva ros, dersom dei har gjort noko bra. Behavioristane meiner at alle kan læra alt, men at det vil ta ulik tid for kvar einskild elev. Elevane lærer best dersom dei opplever ein undervisningshastighet som er tilpassa kvar einskild elev.

Kva mitt pedagogiske grunnsyn er, synest eg det er vanskeleg å svara på heilt konkret. Men undervegs som eg har arbeida med dei ulike psykologiske retningane, har eg iallefall gjort meg opp mange tankar som eg trur kan koma til nytte når me kjem nærmare inn på dette seinare, og ikkje minst når me skal ut i praksis.

4 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Etter eg har lese innlegget har eg fått eit tydelig bilde i forhold til kva du står for. Du tek utgangspunkt i noko du står for, eller trur, og kategoriserer det etterpå. Dette var bra!

Du poengeter og dette med å hente godbitar frå forskjellige retningar, noko som vil vere alfa-omega for å danne eit velukka pedagogisk grunnsyn.

Steinar sa...

Innlegget ditt viser at du har perspektiv på ulike teoriar/teoretikarar, og det er eit flott fundament å etter kvart byggje eit pedagogisk grunnsyn på!

Det var interessant og givande å lese teksten din, det er og bra at du trekkjer fram praksis som du koplar til teorien.

Føler du at du har mest til felles med den tradisjonalistiske tradisjonen eller den progressive? Kvifor det?

astrid sa...

Eg trur eg finn meg sjølv ein stad på den gylne middelveg. Eg har veldig tru på at elevane sine interesser skal stå sentralt i undervisninga, og at læraren skal fungera som veiledar og tilretteleggjar. Samstundes er det nå ein gong slik i dagens samfunn at det er nokre elementære ting me må kunna. Men eg meiner sjølvsagt at det er viktig elevane deltek og er aktive. Så kanskje heller eg litt meir mot den prgressivistiske retninga.

Steinar sa...

Takk for den presiseringa:-)