onsdag 3. september 2008

Kvifor lærar?

Lærar skulle eg nå iallefall ikkje bli. Det var iallefall sikkert. Jammen sa eg smør! Ettersom læraryrket er godt representert i slekta mi, følte eg det fullstendig meiningslaust å la det bli enda ein til av oss. Men som det vert sagt: Eplet fell ikkje langt frå stamma. Plutselig sit eg der, med matte, norsk og pedagogikk-boka i sekken. Kvifor ikkje? Lærarane har tross alt lange feriar!

Men det var nok ikkje berre derfor eg heiv meg på læraryrket. Nei, det ville vore for simpelt. Heilt ærlig var eg ein av dei som ikkje hadde fanari om kva eg skulle bli. Tre år på musikklina ville nok gjera meg godt. Då ville eg ha tid til å modnast, samstundes som eg var sikra generell studiekompetanse. Med andre ord, eit godt studie for elevar utan mål og meining. Tre år var tross alt lang tid, trudde eg i mitt seksten år gamle hovud. Før eg visste ordet av det var russetida over. Folk var plutselig i full gong med planlegging av folkehøgskule, universitet og studie i hytt og dynevær. Eg stod der nokså tafatt på sidelina. Kva skulle eg gjera no?

"Velkommen til Optometristudiet ved høgskolen i Kongsberg, Buskerud". I ein vanvittig augneblink hadde eg søkt meg inn på dette studiet utan å heilt fatta at eg hadde gjort det! Ja, det høyrest nok sprøtt ut, men ein elev som meg utan mål og meining, gjer ofte slike ting. Eg er av den sorten som plutseleg tar meg sjølv i å stirra hemningslaust inn i kjøleskapet utan å heilt vite kvifor eg gjer det! Svolten er eg iallefall ikkje. Distre kanskje? Men tilbake til saken. Kanskje det var det som skulle til? Iallfall tok det ikkje lang tid før eg visste kva eg måtte gjere. Ein telefon til HSH var nok. Og eg angrar ikkje eit sekund.

Kvifor bli lærar? Jo, eigentleg er svaret ganske enkelt. Eg trur det vil passa meg rett og slett. Eg er ein person som treng ein variert kvardag. Viss ikkje, keiar eg meg lett. Læraryrket er både variert og utfordrande. Du veit aldri heilt kva som ventar deg. Samstundes er eg ei rolig og tålmodig jente, og i ein hektisk kvardag har eg ei kjensle av at det er gode eigenskapar å ha med seg.

Eg har eit sterkt behov for å bruka mine kreative evner. Eg elskar kunst, eg elskar litteratur og eg elskar musikk, dans og drama. På ein måte kan ein vel seie at eg ønskjer å inspirera andre til å oppleva same gleda over dette som eg har gjort. Eg har og eit sterkt behov for å vera sosial, og det trur eg læraryrket iallefall vil sikra meg.

Ingen kan seie sikkert kva framtida vil bringa, og heldigvis for det! "Det som skjer det skjer". Eg kan ikkje seie med sikkerhet at læraryrket er det rette for meg. Men ein stad må ein byrja. Så kanskje vert det også ei råd for sånne som meg, utan mål og meining!

2 kommentarer:

Silje sa...

For ein herlig tekst! Du skriver virkeligen knall bra! Merker på skrivemåten din at du er ei kreativ jenta.

Steinar sa...

Hei! Ja, eg er ening med Silje der, håpar du verkeleg får utfalda deg med dine kunstnarlege evner i skulen, i alle fag! Ei konkret utfordring kan vere: Korleis kan du arbeide med kreativitet, kunst eller kultur i for eksempel matematikkfaget?