onsdag 10. september 2008

Ein minnevekkjande observasjon

Her ein dag sat eg og venta på bussen etter ein nokså kort dag med pedagogikk. Ved sida av meg sat ei lita jente, og eg tok meg sjølv i å observera henne der ho sat. Kor gammal var ho mon tru? Ho sat der stille og beskjeden, sannsynlegvis fullstendig klar over at eg observerte henne.

På grasplenen litt bortanfor, stod ein gut og triksa med ball. Då han fekk auge på jenta, sentra han ballen til henne og det tok ikkje lang tid før dei var i full leik. Det var nesten så eg vurderte å søkja tilflukt, så heftig skøynte ballen rundt og inni det vesle busskuret me sat i. Men så etter ei tid fann guten ut at han ville bruka jenta som siktemål. Eg sat og observerte, og draumde meg tilbake til barneskulen då det framleis var noko som heitte jentelus. "Au!" skreik jenta. Eg vart litt utilpass ettersom eg ikkje visste om jenta ville vera med på leiken eller ikkje.
"Du må vera snill med jentene!" sa eg til guten uten å virka for streng. "Eg er snill" svara han og lo. Men han ga seg ikkje.


"Då eg var på din alder sa alltid dei vaksne til oss at gutane terga dei jentene dei var forelska i!" sa eg og blunka til guten. Kanskje dette ville stagga han litt. "Ja, for HO er jo SÅ fin!" sa han, og ironien i stemma hans var nesten til å ta og føla på. Eg angra med det same. Ein liten augneblink var det som om eg kunne føle akkurat det jenta på benken ved sida av meg følte. Eg visste det hadde såra henne. Det einaste eg kunne gjera var å gi henne eit oppmuntrande smil.


Episoden viste meg at born og vaksne ser verda med vidt forskjellige augo. Det eg tolka som uskuldig leik, oppfatta kanskje jenta som både ubehageleg og sårande. For å forstå korleis born kommuniserer, trur eg ein må gå i seg sjølv og hugsa tilbake. Det er berre synd at nokon måtte bli såra fordi eg hadde gløymt.

Ingen kommentarer: