fredag 12. september 2008

Praksis og obesrevasjon!

Etter berre fire veker som ferske allmennlærarstudentar blir me altså kasta ut i praksis. Sjølv kjenner eg på mange ulike forventingar. Eg gledar meg veldig, men samstundes er eg veldig spent ettersom dette er heilt nytt for meg. Tidlegare har eg sett skulen ut frå ein elev sitt perspektiv. No skal eg altså sjå det frå ein lærar sin synsvinkel. Då kjem spørsmåla som: Vil eg kunna bidra med noko? Vil eg læra noko? Er dette det rette for meg?

I pedagogikken denne veka snakka me om å bruka observering som hjelpemiddel for å skaffa oss informasjon om enkeltindivid, grupper, aktivitetane dei utfører og veremåten deira. Det blir altså vår oppgåve som praksisstudentar å observera elevane og læraren i skulen, måtane dei arbeider på og ikkje minst kommunikasjonen dei imellom.

Å observera handlar ikkje om å sjå det du ønskjer eller trur du kjem til å sjå. Det er lett å setja folk i bås fordi du har skaffa deg eit inntrykk av korleis denne personen er, eller korleis du trur situasjonen er. Du tolkar og oppfattar ut i frå sansane dine: det du ser, høyrer og kjenner. Me tolkar desse sanseinntrykka ut ifrå tidlegare erfaringar og kunnskap i den såkalla persepsjonsprosessen. Det er ikkje alltid at desse er med på å gi oss det sanne biletet av situasjonen. Under dette innlegget har eg skildra ei lita hending frå denne veka som fekk meg til å tenkja litt!

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei! Veldig bra innlegg du har her. Den forteljinga frå busskuret er ei flott praksisforteljing som me alle kan lære av. Der får du tydeleg fram det teoretiske poenget via ei skildring frå praksis!

Lukke til i praksis!