torsdag 28. august 2008

Ein god lærar

Ein god lærar kan vera så mangt. Han/ho kan vera kunnskapsrik, kreativ, omsorgsfull eller inspirerande. Læraren eg skal fortelja om no hadde litt av alt, og kanskje er det nettopp derfor eg opplevde han som ein særs god lærar.

Han var ung og forholdsvis nyutdanna då han tok over klassen vår i gymnastikk. Ikkje berre var alle jentene i klassen ulukkeleg forelska i han. Nei, denne læraren hadde ein spesiel autoritet som mange lærarar kan sjå langt etter.

Som barn var eg slett ikkje noko idrettsvidunder. Gymtimane på barneskulen opplevde eg ofte som eit mareritt. Det verste var å verta ståande att sist då det skulle veljast lag til ballspel. Eg grua meg slik at det hende ratt ofte eg hadde "hovudverk" då det nærma seg gymøkta.

Men det var no blitt historie. Den nye gymlæraren vår revolusjonerte dei tidligare nokså einspora gymnastikktimane. Bort var nedverdigande valsekvensar. Frå no av var hånlege kommentarar det same som stryk! Dette var nytt for både meg og klassen min, men det var med på å skapa eit felleskap me ikkje hadde opplevd tidlegare.

Den største rosen gymlæraren min skal få, er for evna hans til å sjå kvar einskild elev. Han såg ikkje berre på eksisterande ferdigheter. Han såg på utviklingspotensialet.
Oss jenter måtte fint la lipgloss og rosa vesker liggje på sidelina, før det bar ut i skogen til lek og aktivitet. Då økta var over var det ikkje ein einaste gjørmefri flekk på heile kroppen. Men vi elska det! Det inkluderte oss alle, og gav elevar som følte seg "ubrukelege", trua på at dei kunne oppnå noko. Og er det ikkje rart? Ved å trossa redslar og ved å våga å ta ei utfordring, kan me eigentleg oppnå det meste! Og no sit eg her og skriv dette innlegget, overbevist om at læraren lærte både meg og andre noko me kjem hugsa for resten av livet. Det håpar eg iallfall! Eg håpar også at eg kan bidra til det same ein gong i framtida, kanskje om ca 4 år.

2 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Dette var kjekt å lesa!
Flott at du blei inspirert av gymlæraren, sjølv om faget ikkje var ditt sterkaste. Det å kome eit steg vidare kjem ofte an på lærarens evne til å pushe og motivere. Han minna meg litt om dei trenarane ein ser på film som snur opp ned på eit lag til det betre.

Stå på med bloggskrivinga!

Steinar sa...

Denne læraren har utan tvil gjort ein god jobb. De fekk tru på dykk sjølve og han fekk dykk opp og fram. Kva gjorde han konkret for "å sjå kvar einskild elev"?