onsdag 1. oktober 2008

Å planleggja opplæring, den didaktiske rammemodellen og litt av det som fall meg inn!

Det finnest dessverre ikkje noko oppskrift på korleis den pefekte undervisningsøkta skal gjennomførast. Som lærar er det viktig å kunna tilpassa seg miljøet ein er i, litt som ein kamelon eigentleg. Heldigvis har me nokre hjelpemiddel som kan vera nyttige å kjenna til i planleggjingsprossesen. Den didaktiske relasjonsmodellen viser til seks forhold som det er viktig å ta stilling til. Alle desse forholda er nært knytta opp mot kvarandre:
-læreforutsetningar.
-rammefaktorar
-mål
-innhald
-læringsaktivitetar
-vurdering

Ein lærar må kjenna elevane sine. Dette meiner eg er kjempeviktig, ikkje minst når undervisninga skal planleggjast. Ein må ha kjennskap til læreforutsetningane til kvar einskild elev, og ein må vita kva dei kan frå før. Som lærar må ein også "oppdatera"seg og orientera seg om elevane sine interesser. Kva er det eigentleg som opptek dei?
Ein må også kjenna til om det er elevar med spesielle problem i forhold til undervisningen, slik at dei kan få den tilretteleggjinga dei har krav på.

Kva rammefaktorar må du ta hensyn til?
På ein, to og tre kan kanskje den fantastiske ideen du hadde om å ta klassen med i musikkrommet og syngja "Ja, vi elsker" (som eit kreativt alternativ til ei tørr førelesning om Bjørnstjerne Bjørnson) gå rett i vasken. Kvifor? Jo, fordi du gløymte at musikkrommet allereie var okkupert av 13 elevar som tappert prøver å læra seg "Tom dooley" på gitar.
Kva kunne du ha gjort annaleis?
Det er viktig å tenkje på kva ein har til rådighet medan ein planleggjer. Alt frå rom og tid til lærebøker og digitalt utstyr får konsekvensar for korleis ein vel å gjennomføre undervisninga. På Sagvåg skule har dei oppretta eit digitalt system som gjer det mogleg for læraren å gå inn på nettet og sjekka kva rom som er ledige til ei kvar tid. Ønskjer læraren å reservere eit rom, er det gjort berre på eit tastetrykk. Enkelt og svært oversikteleg.

Mål og meining!
Å setje eit mål med undervisninga er kjempeviktig! Som Steinar ikkje kan få sagt mange nok gongar: "Undervisning er ikkje det same som at elevane lærer noko!!!" Og heile føremålet med undervisninga er jo at dei skal gjera nettopp det! Læreplanen seier sjølvsagt ein del om kva mål ein skal nå. Men læraren vil naturlegvis setja sine eigne mål både i forhold til seg sjølv og til elevane. Eg trur det er viktig for elevane at dei har eit mål dei kan arbeida mot, og at dei sjølv får vera med å påverka desse måla. Dei må ha noko å strekkja seg mot. I praksisklassen vår fekk elevane lesa leseleksa inn på lydband med jamne mellomrom. Målet var at dei skulle kunna høra utvikling frå første opptak til det siste heilt i slutten av semesteret.

Når innhaldet skal veljast ut, må ein sjølvsagt ta hensyn til læreplanen. Men det blir vår oppgåve som lærarar å strukurera og organisera innhaldet slik at elevane får eit godt utbytte av undervisninga. Læraren må også la vanskelighetsgraden til innhaldet variera for kvar einskild elev, slik at alle kan få noko å strekkja seg mot.

Val av læringsaktivitetar er avhengig av kva som skal presenterast, og elevane sine forutsetningar for denne arbeidsmåten. Her er det igjen viktig å kjenna elevane sine. Kva fungerer godt i klassen og kva fungerer godt for kvar einskild? Kven samarbeidar godt i lag? Skal elevane få velje sjølv korleis dei vil organisera seg? Alder og modningsnivå har sjølvsagt mykje å seia.
Ein må ta utgongspunkt i det faglege og finna ein innfallsvinkel som kan engasjera elevane. Ein forteljing frå nye testamentet kan til dømes bli ei feiande flott dramatisering!
Variasjon er også slik eg ser det, eit stikkord når det kjem til læringsaktivitetar.

Når ein skal presentera nytt stoff for elevane kan ein gjera dette på ulike måtar:
Elevane kan få ein utfordring eller bli stile overfor eit problem. Dei må sjølv finne løysninga og arbeide seg fram til ein konklusjon. Læraren har då valt å bruka ein induktiv tilnærmingsmetode, ein utforskande tilnærming til emnet.
Læraren kan også velja ein deduktiv tilnærmingmetode, ved å presentera ein regel eller ein forklaring med eksempel. Elevane arbeider så med oppgåver og øver på regelen.

Vurdering er viktig for den vidare utviklinga til eleven. Har ein nådd målet? Har eleven verkeleg lært noko? Karakterar er ein form for vurdering som me kjenner godt til. Kva fortel karakteren eigentleg oss? Personleg meiner eg at det er for mykje fokus retta mot karakterane ein elev presterer. Det fortel oss ikkje alltid om eleven sin kunnskap er figurativ eller operasjonell. Eg trur mange kan kjenna seg att i å ro seg inn til ein 5-ar etter to døgn intensiv pugg rett før ein uventa prøve. Har ein då eigentleg lært noko?
Eg trur det er vikig at læraren samtalar med eleven om kva eleven sjølv føler han/ho har lært. Som lærar må ein sjå eleven sine prestasjonar i forhold til resten av klassen. Kor vidt eleven har utvikla seg spelar også ei viktig rolle. Like viktig som ein karakter er det også at eleven får konstruktiv kritikk og veiledning undervegs, slik at ikkje alt blir vurdert ut ifrå det eleven presterer der og då.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Heilt sant at me lærarar ofte må vere som ein kameleon, me må tilpasse oss etter f.eks rammefaktorane. Du får dette godt fram ved å kombinere teori og praksis.

Er rekkjefølgja du har sett opp, tilfeldig? Eller kor vil du begynne når du no snart skal planleggje ei matematikkøkt?

Silje Anita sa...

Du har skrevet et godt innlegg Astrid! Du deler dei forsellige momentene i "diamanten" opp i grupper, noe som gjør at det er oversiktelig å lese:)

Du skriver at du tror det er vikig at læreren samtalar med eleven om hva eleven selv føler han/hun har lært. Dette er jeg jo forsåvidt enig med deg i, men hvordan ville du da evt gått frem i en slik evalueringsmåte?

astrid sa...

Takk for kommentaren, Silje Anita! Eg ville nok prata med eleven på tomannshånd om korleis han/ho opplevde det aktuelle stoffet, om det var vanskeleg og om eventuelle problem. Då ville eg forhåpentlegvis ha fått ei viss oversikt over eleven si forståing reint fagleg, og om eg hadde lukkast med å nå fram til kvar enkelt elev.

astrid sa...

Svar til Steinar:

Takk for kommentaren! Eg trur eg ville teke utgongspunkt i målet med økta, og det innhaldet som er bestemt at elevane skal gjennom den aktuelle veka. Så ville eg etterkvart ha sett på rammefaktorane og dei ulike aktivitetane som kunne høva til innhaldet osv. Dei ulike momenta i diamanten er sjølvsagt nært knytta opp mot kvarandre, men utan ein mål har ein heller ikkje noko å arbeida mot!