onsdag 26. november 2008

Kva er eigentleg intelligens?

Intelligens er eit ord som er vanskeleg å definera. Det finnest så utruleg mange svar på intelligens. For kan me eigentleg avgjere kven som er den mest intelligente av hjernekirurgen på operasjonssalen og biletkunstnaren nede i gata? På 1980-talet lanserte Harvard-forskaren Howar Gardner sin teori om Multi-intelligens. I følge han er me alle fødde med dei ulike typane intelligens, men me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad opp gjennom livet.
Gardner har funn fram til at menneske har minst sju ulike intelligensar:

1.Språkleg intelligens

2.Logisk/matematisk intelligens

3.Visuell intelligens

4.Musikalsk intelligens

5.Kroppsleg/kinestetisk intelligens

6.Intuitiv intelligens

7.Sosial intelligens


Opp gjennom tida har skulen i større og midre grad verdsett dei ulike intelligensane til elevane. Ein har tidlegare forsøkt å måle intelligens med diverse IQ-testar, som var laga for å måle personar sitt gennerelle intelligensnivå. Men ein tradisjonell IQ-test tek berre for seg språkleg og matematisk/logisk intelligens. Desse to intelligensane ligg begge i venstre hjernehalvdel. På grunn av mykje fokus på denne typen intelligensar frå skulen og samfunnet si side, nyttar me ikkje optimalt høgre hjernehalvdel, der kreativitet og nytenkjing ligg. Dermed vert vår totale hjernekapasitet redusert. (Kunsten å lære: http://home.online.no/~steinny/Kap1/7intelligenser.htm)


Det er svært viktig for oss som skal verta lærarar å kjenna til dei ulike måtane elevar lærer på og ulike læringstrategiar me kan nytta i undervisninga. Den vanlege forlesingsmetoden funkar muligeins for nokre, men slett ikkje for alle. Difor er det viktig at me lærer oss å kunna variera, slik at flest mogleg får så godt læringsutbytte som råd. Ikkje berre bør læraren vera obs på korleis dei ulike elevane best lærer, men elevane sjølve må bli bevisste på å finne ut kva som fungerar best for dei. Eg trur personleg at mange har prestert dårlegare enn naudsynt på skulen, rett og slett fordi dei ikkje har aning om korleis dei sjølv skal tileigna seg kunnskap.
Mange av talenta til elevane i skulen har tidlegare vore nedprioriterte fordi dei ikkje går overeins med samfunnet si oppfatning om kva som er viktig å kunna. Det er utrulig synd når ein tenkjer på alt det prositive som kunne komt ut av at elevane fekk nytta evnene sine. Menneske er skapt ulike, og det er iallefall eg evig takknemlig for. Eg les eit sitat på internett som eg meiner seier ein god del: "Ingen er flinke i alt, men alle er flinke i noko!"


mandag 17. november 2008

Sosiokulturell læringsteori: Språket som reiskap

Munnleg språk, skriftleg språk, kroppsspråk, teiknspråk, kunst og musikk osv. Menneske har mange måtar å uttrykkje seg på. Språket omfamnar oss over alt og til alle tider. Ved hjelp av språket har menneska ført kunnskap og urgamle tradisjonar med seg vidare til nye generasjonar, slik at det er blitt ein del av kulturen vår.
Vygotsky såg språket som viktigaste reiskap for læring. Han meinte omgivnadane verka inn på måten me menneske tenkjer og forstår kvarandre på. Menneska tileignar seg tankar frå den ytre kulturen (internalisering). Men det er ein tovegs prosess. Individet påverkar også omgivnadane, ved å omforme tankar til den eksterne, ytre kulturen (eksternalisering).
I behaviorismen ser ein utvikling som eit resultat av sterke bånd mellom stimilus og respons. Vygotsky førte inn eit tredje moment i denne modellen, som skulle stå for menneske si evne til å erstatta noko konkret med symbol. Denne menneskelige evnen er eit teikn på intelligens, og vert kalla mediering. Ved hjelp av mediering er menneska i stand til å erstatte konkreten ti epler med symbol i tankane. Symbolet "ti" blir då eit språk av 2. orden.
Vygotsky hevda at læringsstoffet skulle leggjast på eit litt høgare nivå enn meistringsnivået til eleven. Elevane må ha noko å strekkje seg mot. Han meinte også at ein måtte ta utgongspunkt i og diagnostere meistringsnivået til eleven åleine og meistringsnivået med hjelp til stades. Skilnaden mellom desse nivåa blir kalla den proksimale utviklingssonen.
Det er læraren si oppgåve som veiledar å gi eleven den drahjelpa som trengs for at eleven til slutt skal kunne meistre oppgåva på eiga hand. Vygotsky peikar på at sjølv om elevane er aktive, så er det heilt naudsynt med ein aktiv lærar for utviklingen sin del.
Dette er tankar høgst aktuellle i dag med fokus på tilpassa opplæring i skulen. Mange elevar blir sitjande med oppgåver dei allereie meistrar, og ein oppnår ingen progresjon. Eg trur også at dersom elevane kan få uttrykkja seg verbalt om det dei har lært, vil dei få ei større forståing for stoffet og det vil bli mindre diffust. Dette er iallefall mi eiga erfaring i samband med læring. Ein utvikler djupare forståing for stoffet ved å få moglegheit til å uttrykkja seg på sin eigen måte. Ein lærer i eit felleskap med språket og evna til å kommunisrere som hjelpemiddel.

onsdag 12. november 2008

kognitiv og sosial konstruktivisme

Kva er kunnskap eigentleg? Har me som menneske oppdaga allereie eksisterande kunnskap eller har me konstruert kunnskapen sjølv? Tidleg på 1900-talet vaks det fram ei retning som skulle setje preg på framtida si oppfatning av kunnskap. Sveitsaren Jean Piaget utvikla adapsjonsteorien (tilpassingsteorien) og hevda at kunnskap måtte konstruerast av kvart enkelt individ. Menneska utviklar kognitive skjema ut frå den erfaringa dei har gjort. Me tilpassar nye observasjonar til det som er kjent for oss frå før(Assimilasjon). Dersom eksisterande skjema ikkje går overeins med dei nye observasjonane, må dei eksisterande skjema tilpassast (akkomodasjon).

Dermed blir det eit viktig poeng at for å lære noko nytt må stoffet som blir presentert for elevane skape ubalanse i dei eksisterande skjema, slik at eleven må tilpasse det han/ho kan frå før. Elevane må få oppgåver som dei kan strekkja seg mot.

I skulekvardagen vil ein alltid møta elevar som stiller med ulike forutsetningar innanfor dei ulike faga. Dessverre trur eg at alt for mange elevar også i dag vert sitjande å løysa oppgåver som dei allereie meistrar. Dei blir på eit statisk nivå. Det er viktig at elevane får utvikle seg i sitt eige tempo. Difor må læraren tilretteleggje for oppgåveløysing som ligg litt over det eksisterande kunnskapsnivået. Ein måte å gjere det på, meiner eg kan vere å la den eleven som eventuelt ligg føre dei andre innan eit emne, få nytta det han eller ho har lært gjennom å forklara til dei andre elevane og bruka språket. Det blir ein utfordring for eleven å setja ord på det han/ho faktisk har lært.

Piaget og den kognitive konstruktivismen har blitt kritisert for å sjå læring som ei einsom og lite sosial affære. Lev Vygotsky meinte piaget hadde mange bra teoriar, men han meinte at mykje av det menneska lærer, lærer dei i samhandling. Språket spelar mellom anna ein viktig rolle. Her kjem sosial konstruktivisme inn i biletet. Elevane lærer også her gjennom aktivitet, men med språket som reiskap.

onsdag 5. november 2008

Nokre relevante og nokre ikkje fullt så relevante tankar om Kognitiv teori!

Ein mann vart funnen i ein grøftekant, utan synlege teikn på skadar. Besynderleg nok kunne mannen verken gjere greie for kven han var eller kva han gjorde på staden han vart funnen. Mannen leid av hukommelsestap. Språket var i god behald, han kunne til og med snakke opp til fleire språk. Faktisk var mannen så godt som fødd i går, skulle man teke utgongspunkt i erfaringsgrunnlaget hans. Han tolka verda ut ifrå det han såg der og då. Som eit resultat av at han hadde gløymt alt av sin eigen barndom, visste han ikkje at eit barn ein dag ville bli vaksen. Han trudde born var ein type menneske og at vaksne var ein annan, nesten som ulike artar innanfor dyreverda. All lærdom basert på personlege opplevingar og erfaringar, var borte vekk. Langtidsminnet til mannen var blitt svekka. Derimot var dei automatiserte ferdighetene framleis i god stand.

I Kognitiv teori sitt syn på langtidsminnet skil ein mellom ferdighetsminne og kognitivt minne: episodisk/semantisk minne. Ferdighetsminnene våre er i stor grad automatiserte kunnskapar som sjeldan vert borte frå minnet. Den kognitive kunnskapen vår er meir abstrakt, og kan i motsetnad til ferdighetskunnskapane lærast i ein læringssekvens. Det episodiske minnet, består av personlege erfaringar og opplevingar. Det semantiske minnet er ofte upersonleg kunnskap som me ofte finn i skulesamanheng. I nyare tid har ein prøvd å knytte denne typen opp mot episodisk kunnskap, ved til dømes storyline-metoden. Elevane byggjer opp ein samanhengande historie der dei er nødt til å skaffe seg informasjon om temaet for å fullbyrde historien.

På 1950-talet då dei første datamaskinane vart utvikla, vart interessa for kognitive prosessar eit sentralt interessefelt blandt filsofar. Dei samanlikna menneskesinnet med korleis ein datamaskin lagrar kunnskap. Slik eg ser det er det mange klare parallellar. Men ein viktig skilnad er at når du overfører informajson til ein datamaskin reproduserer den kunnskapen. Dersom du gir samme informasjon til ein skuleklasse,vil du tvert i mot aldri kunna forutseie korleis informasjonen blir lagra i hovudet deira. For så vidt kan ein ikkje forutseie om informajsonen i hele tatt vil bli lagra.

Kognitivistane skapte delinga mellom kunnskap og informasjon. Informasjon kan overførast, medan kunnskap vert til ved persepsjon. Dermed vert assimilasjon og akkomodasjon sentrale begrep innan kognitivsimen. Menneska strukturer kunnskap ved å setja dei inn i eksisterande skjema. Dersom ny informajson ikkje går overeins med tidlegare skjema, må skjema omordnast slik at den nye informasjonen passar inn.

I tretrinnsmodellen vert hukommelsesprosessen skildra slik: Ytre stimuli går direkte til sansergisteret, der noko av sanseintrykka vert snappa opp av korttidsminnet utan at det er sjølvsagt at det festar seg i hukummelsen. Noko av sanseintrykka vil bli lagra i langtidsminnet vårt.

Kvar einaste dag opplever me tusenvis av sanseintrykk. Skulle me ha teke alt til oss i like sterk grad, ville me nok blitt overaust med informasjon. Heldigvis filtrerer hjernen ut noko av informasjonen, slik at somme ting vert ståande att medan andre ting forsvinn. Men kva er det som avgjer kva som blir ståande og kva som fell bort?

Det me lærer er sjølvsagt avhengig av kva merksemda vår er retta mot. I løpet av ein time hadde elevane i klasse 5a hatt om statistikk og søylediagram. I slutten av timen hadde elevane lagt sine eigne diagram, men med nokså ulikt resultat. Eva hadde lagt eit pent og pynteleg søylediagram, men søylene gav ingen informajson. Ole derimot, hadde riktig nok ikkje brukt linjal, men søylene var rett plassert etter tallinja. Dette viser kor ulikt me menneske oppfattar informasjon som vert presentert for oss. Eva hadde vore mest oppteken av at det skulle sjå pent og ryddig ut, medan det var Ole som verkeleg hadde forstått meininga med søylediagrammet.

Kva merksemda vår er retta vil eg tru har ein samanheng med kva interesser me har, og kva måtar me lærer på. Somme elevar skriv side opp og side ned med notatar for å lagre kunnskap. Andre ser ut som dei har tankane ein heilt annan stad, vippar på stolen kanskje og skriv lappar med sidemannen. Likevel sit dei kanskje med like mykje kunnskap i slutten av undervisningsøkta som den eleven som verka betrakteleg meir konsentrert. Me lærer ulikt. Somme lærer best ved auditive metodar, andre ved visuelle eller taktile. Nokon lærer kanskje bra med ein kombinasjon av desse. Det er derfor viktig at læraren har lagt seg opp ei meining om korleis kvar enkelt elev tileignar seg kunnskap. Det har med tilpassa opplæring å gjere.

Kognitivismen legg vekt på metakognisjon. Ein er bevisst på eigen læring og motivasjon. I den norske skulen i dag legg ein i mykje større grad vekt på at elevane skal læra å ta ansvar for eiga læring. Dei skal også læra å vurdera sitt eige og andre sitt arbeid. Dette er i høgste grad kognitivistiske tankar, og eg trur personleg ein lærer alt for lite om å vere bevisst på korleis ein sjølv lærer best. Dette burde nesten vore eit obligatorisk skulefag i seg sjølv, ettersom det kunne ha spart både elevar, lærarar og foreldre for mykje krefter. Å ta ansvar for eiga læring, trur eg er noko norske elevar i høgste grad treng å jobba med. Me er for utskjemte, og støttar oss til at systemet fangar oss opp uansett om me arbeider eller ikkje. Ein må arbeida med haldningane til elevane! Kanskje det er ein god start å byrja for å ta innersvingen på Finland?