onsdag 24. september 2008

Pedagogisk grunnsyn

Eit pedagogoisk grunnsyn er dei ideologiane og verdiane du byggjer handlingane dine på. Her spelar religion/livsyn, politikk og menneskesyn ei sentral rolle. Oppgjennom tidene har filosofar heilt tilbake til antikken laga seg tankar om kva læring er. Synet på læring har alltid vore nært knytta opp til det som skjer elles i samfunnet.

Som sikkert mange andre, har eg eit eklektisk pedagogisk grunnsyn. Eg finn moment frå mange ulike psykologiske teoriar som samsvarar med det eg står for. Det pedagogiske grunnsynet mitt påverkar synet mitt på kva læring og undervisning er. Dette er det sjølvsagt ikkje noko fasitsvar på, men eg har gjort meg opp nokre tankar om det eg anser som viktig.


Undervisning består av at nokon blir undervist i noko. Aristoteles skildra barnet som ein leirklump som må formast. To tusen år seinare, samanliknar John Lock barnet med ei tom tavle som må fyllast, "tabula rasa". Desse går under kategorien tradisjonalistar. Her er læraren si oppgåve var å overføra kunnskap til eleven. Me får ein aktiv, autoritær lærar, der det vert lagt vekt på noko, altså faget.

Mange vil nok hevda at det tradisjonalistiske grunnsynet forlengst er gått ut på dato, men personleg synest eg det er nokre moment som det er viktig å ha med seg når ein skal ut i arbeidslivet. Skulen i dag er ikkje berre ansvarleg for at elevane tileignar seg kunnskap. Den fungerer også som eit aktivt organ i oppdragelsesprossesen. Difor meiner eg at elevane treng ein autoritær lærar som kan våga å vera ledar. Elevane må også ha ein viss dose basiskunnskap for å kunna møta dagens samfunn. Kanskje vil dei då vera bedre rusta til å møta ein litt friare skule, der elevane sjølve er med på å ta ansvar for eiga læring.

Progressivistiske tankar står som ei motvekt til tradisjonalismen, og viser til tankar som eg finn meg sjølv svært einig i. Her står elevane sine interesser i sentrum og læraren fungerer som veiledar og tilretteleggjar. Læring skjer gjennom aktivitet. Sokrates sa det på denne måten: "Du har kunnskapen inni deg, eg kan hjelpa deg med å forløysa den." Eg meiner det er kjempeviktig at eleven sine interesser skal stå sentralt når ein planleggjer undervisninga. Ein kan ikkje forventa at til dømes Kari skal ha same forutsetningane i norsk som Pia, når Kari aldri har lese ei einaste bok. Difor må ein leggje lista etter kva for eit nivå eleven ligg på. Med andre ord: eleven har rett til tilpassa opplæring.

Sokrates var også ein av grunnleggjarane av humanistisk filosofi, som set mennesket i sentrum. Ut i frå humansitisk psykologi sitt tankemønster er alle menneske fødd gode, og har grunnleggjande behov: mangel og vekstbehov(Maslows behovpyramide). Mennesket har ikkje behov for sjølvrealisering eller aktelse, dersom ikkje mangelbehova er innfridde, t.d. mat, luft, sikkerhet,kjærleik osv. Det blir lagt vekt på at mennesket søkjer meining med livet, og har evne til å ta ansvar for sine handlingar.

Eg trur at alle menneske ønskjer å ha ei meining med livet og at det ønskjer å skapa noko. Det er viktig at læraren kan motivera eleven til å henta fram desse behova slik at han/ho ønskjer å læra og ønskjer å utvikla seg. Her kjem også eleven sine interesser inn i biletet. Det er viktig at eleven kan føla meistring på eit eller anna felt. Det blir difor læraren si oppgåve å kunna variera undervisningen slik at kvar og ein føla meistring.

Eg har tru på at mennesket lærer når det får praktisera den teorien dei får frå læraren og frå andre kjelder, og hausta erfaring frå det dei har gjort, ("learning by doing", av John Dewey.) Som Vygotsky, meiner eg at språket er ein svært viktig reiskap for å kunna konstruera og "skapa orden" i kunnskapane våre. Her kjem konstruktivismen inn: Som lærande vesen konstruerer me vår eigen kunnskap. Dette gjer me ved å gjera ting, og hausta erfaring av det me gjorde.

Behaviorismen er ei retning som vaks fram som ein reaksjon på psykoanalysen. Behaviroristane sine tankar byggjer reint vitenskapeleg på det du kan sjå utan i frå. Dei meiner at adferda til mennesket kan endrast ved å endre stimulus, konsekvens eller begge desse, "straff og belønning"-prinsippet. Eg trur at det er heilt avgjerande at læraren kan oppmuntra og gi elevane kritikk enten dei har jobba godt eller dårleg. Det vil styrka motivasjonen og kjensla av at dei har gjort noko meiningsfullt. Det er viktig at kvar einskild elev får oppleva ros, dersom dei har gjort noko bra. Behavioristane meiner at alle kan læra alt, men at det vil ta ulik tid for kvar einskild elev. Elevane lærer best dersom dei opplever ein undervisningshastighet som er tilpassa kvar einskild elev.

Kva mitt pedagogiske grunnsyn er, synest eg det er vanskeleg å svara på heilt konkret. Men undervegs som eg har arbeida med dei ulike psykologiske retningane, har eg iallefall gjort meg opp mange tankar som eg trur kan koma til nytte når me kjem nærmare inn på dette seinare, og ikkje minst når me skal ut i praksis.

fredag 12. september 2008

Praksis og obesrevasjon!

Etter berre fire veker som ferske allmennlærarstudentar blir me altså kasta ut i praksis. Sjølv kjenner eg på mange ulike forventingar. Eg gledar meg veldig, men samstundes er eg veldig spent ettersom dette er heilt nytt for meg. Tidlegare har eg sett skulen ut frå ein elev sitt perspektiv. No skal eg altså sjå det frå ein lærar sin synsvinkel. Då kjem spørsmåla som: Vil eg kunna bidra med noko? Vil eg læra noko? Er dette det rette for meg?

I pedagogikken denne veka snakka me om å bruka observering som hjelpemiddel for å skaffa oss informasjon om enkeltindivid, grupper, aktivitetane dei utfører og veremåten deira. Det blir altså vår oppgåve som praksisstudentar å observera elevane og læraren i skulen, måtane dei arbeider på og ikkje minst kommunikasjonen dei imellom.

Å observera handlar ikkje om å sjå det du ønskjer eller trur du kjem til å sjå. Det er lett å setja folk i bås fordi du har skaffa deg eit inntrykk av korleis denne personen er, eller korleis du trur situasjonen er. Du tolkar og oppfattar ut i frå sansane dine: det du ser, høyrer og kjenner. Me tolkar desse sanseinntrykka ut ifrå tidlegare erfaringar og kunnskap i den såkalla persepsjonsprosessen. Det er ikkje alltid at desse er med på å gi oss det sanne biletet av situasjonen. Under dette innlegget har eg skildra ei lita hending frå denne veka som fekk meg til å tenkja litt!

onsdag 10. september 2008

Ein minnevekkjande observasjon

Her ein dag sat eg og venta på bussen etter ein nokså kort dag med pedagogikk. Ved sida av meg sat ei lita jente, og eg tok meg sjølv i å observera henne der ho sat. Kor gammal var ho mon tru? Ho sat der stille og beskjeden, sannsynlegvis fullstendig klar over at eg observerte henne.

På grasplenen litt bortanfor, stod ein gut og triksa med ball. Då han fekk auge på jenta, sentra han ballen til henne og det tok ikkje lang tid før dei var i full leik. Det var nesten så eg vurderte å søkja tilflukt, så heftig skøynte ballen rundt og inni det vesle busskuret me sat i. Men så etter ei tid fann guten ut at han ville bruka jenta som siktemål. Eg sat og observerte, og draumde meg tilbake til barneskulen då det framleis var noko som heitte jentelus. "Au!" skreik jenta. Eg vart litt utilpass ettersom eg ikkje visste om jenta ville vera med på leiken eller ikkje.
"Du må vera snill med jentene!" sa eg til guten uten å virka for streng. "Eg er snill" svara han og lo. Men han ga seg ikkje.


"Då eg var på din alder sa alltid dei vaksne til oss at gutane terga dei jentene dei var forelska i!" sa eg og blunka til guten. Kanskje dette ville stagga han litt. "Ja, for HO er jo SÅ fin!" sa han, og ironien i stemma hans var nesten til å ta og føla på. Eg angra med det same. Ein liten augneblink var det som om eg kunne føle akkurat det jenta på benken ved sida av meg følte. Eg visste det hadde såra henne. Det einaste eg kunne gjera var å gi henne eit oppmuntrande smil.


Episoden viste meg at born og vaksne ser verda med vidt forskjellige augo. Det eg tolka som uskuldig leik, oppfatta kanskje jenta som både ubehageleg og sårande. For å forstå korleis born kommuniserer, trur eg ein må gå i seg sjølv og hugsa tilbake. Det er berre synd at nokon måtte bli såra fordi eg hadde gløymt.

onsdag 3. september 2008

Kvifor lærar?

Lærar skulle eg nå iallefall ikkje bli. Det var iallefall sikkert. Jammen sa eg smør! Ettersom læraryrket er godt representert i slekta mi, følte eg det fullstendig meiningslaust å la det bli enda ein til av oss. Men som det vert sagt: Eplet fell ikkje langt frå stamma. Plutselig sit eg der, med matte, norsk og pedagogikk-boka i sekken. Kvifor ikkje? Lærarane har tross alt lange feriar!

Men det var nok ikkje berre derfor eg heiv meg på læraryrket. Nei, det ville vore for simpelt. Heilt ærlig var eg ein av dei som ikkje hadde fanari om kva eg skulle bli. Tre år på musikklina ville nok gjera meg godt. Då ville eg ha tid til å modnast, samstundes som eg var sikra generell studiekompetanse. Med andre ord, eit godt studie for elevar utan mål og meining. Tre år var tross alt lang tid, trudde eg i mitt seksten år gamle hovud. Før eg visste ordet av det var russetida over. Folk var plutselig i full gong med planlegging av folkehøgskule, universitet og studie i hytt og dynevær. Eg stod der nokså tafatt på sidelina. Kva skulle eg gjera no?

"Velkommen til Optometristudiet ved høgskolen i Kongsberg, Buskerud". I ein vanvittig augneblink hadde eg søkt meg inn på dette studiet utan å heilt fatta at eg hadde gjort det! Ja, det høyrest nok sprøtt ut, men ein elev som meg utan mål og meining, gjer ofte slike ting. Eg er av den sorten som plutseleg tar meg sjølv i å stirra hemningslaust inn i kjøleskapet utan å heilt vite kvifor eg gjer det! Svolten er eg iallefall ikkje. Distre kanskje? Men tilbake til saken. Kanskje det var det som skulle til? Iallfall tok det ikkje lang tid før eg visste kva eg måtte gjere. Ein telefon til HSH var nok. Og eg angrar ikkje eit sekund.

Kvifor bli lærar? Jo, eigentleg er svaret ganske enkelt. Eg trur det vil passa meg rett og slett. Eg er ein person som treng ein variert kvardag. Viss ikkje, keiar eg meg lett. Læraryrket er både variert og utfordrande. Du veit aldri heilt kva som ventar deg. Samstundes er eg ei rolig og tålmodig jente, og i ein hektisk kvardag har eg ei kjensle av at det er gode eigenskapar å ha med seg.

Eg har eit sterkt behov for å bruka mine kreative evner. Eg elskar kunst, eg elskar litteratur og eg elskar musikk, dans og drama. På ein måte kan ein vel seie at eg ønskjer å inspirera andre til å oppleva same gleda over dette som eg har gjort. Eg har og eit sterkt behov for å vera sosial, og det trur eg læraryrket iallefall vil sikra meg.

Ingen kan seie sikkert kva framtida vil bringa, og heldigvis for det! "Det som skjer det skjer". Eg kan ikkje seie med sikkerhet at læraryrket er det rette for meg. Men ein stad må ein byrja. Så kanskje vert det også ei råd for sånne som meg, utan mål og meining!