torsdag 16. oktober 2008

behaviorisme i praksis

Den dag i dag er norsk skule full av behavioristiske impulsar. Sjå berre på karaktersystemet vårt! Nærmare kjem du vell ikkje straff og belønning-prinsippet? Arbeidar du godt, meistrar faget og oppfører deg etter forventningane, blir karakterane deretter. Eg hugsar vagt mine første erfaringar med karaktersystemet. Tidlegare hadde ordet karakter vore noko eksotisk, men også skremande! No vart det liksom alvor. Somme vart til og med lova pengar og ekstra godteriar dersom dei kom heim med ein god karakter på papiret!


Så ja, behaviorismen er i høgste grad levande! Systematisk bruk av belønning/straff er ein vanleg måte å endra elevane si åtferd på. Så korleis skal me gå fram for å lukkast?


Det er vel neppe noko fasitsvar på korleis ein kan endra problemåtferd hos elevar. Då hadde vel læraryrket berre vore ein dans på roser! Men ofte kan problemåtferd likså godt vera eit resultat av problemåtferd frå læraren si side. I stressa situasjonar er det lett å plumpa ut med ein eller annan trussel om straff for å skjerpa elevane. Elevane erfarer ofte at straffen ikkje blir effektuert. Det blir med trusselen, og ferdig med det. Då seier det jo seg sjølv at elevane ikkje vil ta læraren på alvor.


I pedagogikken denne veka såg me ein episode av "Super nanny" som er eit av dei mange reality-showa som har florert på TV-skjermen. Her møtte me ei jente på ni som hadde store åtferdsvanskar i og utanfor heimen. Dette gjekk ut over heile familien, og førte til heller få familieaktivitetar utanfor huset sine fire veggar. Men som ein brukar å seia det: "Eplet fell ikkje langt frå stamma." Barn tek etter sine nærmaste, enten det er foreldra, læraren, søsken eller vener.




Super-Nanny si første oppgåve gjekk ut på å observera familien sin kvardag utan å gripa direkte inn. Ho observerte for deretter å analysera. Kva var det eigentlege prblemet i denne familien? Ofte kan problemåtferd likså godt vera eit resultat av problemåtferd frå læraren si side, i dette tilfellet frå foreldra si side. Læraren fungerer som rollemodell for elevane sine. Derfor er det ekstra viktig at læraren viser sjølvkontroll og framstår som den vaksne parten uansett. Møter ein eleven med raseri, vil eleven sannsynlegvis gi deg same leksa tilbake, og ein oppnår verken større respekt eller større forståing.




Klare reglar er viktig. Alle, både vaksne og born treng faste reglar og rutinar dei må forhalda seg til. Korleis skal born møta vaksne og korleis skal dei vaksne møta borna? Når ein skal laga konkrete reglar i ein klasse, er det viktig at elevane vert inkulderte i prossesen. Dermed vil dei kanskje også føla at reglane ikkje berre er konstruert av lærarane for å gjera det keisamt for elevane. Dei vil kjenna reglane som ein naturleg ting for å få fellesskapet til å fungera og for å gjera skulen til ein triveleg plass for alle. Å laga reglar må vera ein forhandlingsprosess mellom skulen, lærarane og elevane.




Men korleis nytta belønning/straff i andre former enn ved å gi eleven ein karakter?

Å vera positiv og gi respons dersom eleven gjer noko bra bør vera 1. bud for alle lærarar. Elevane må få glede av å føla at dei meistrar noko. Andre måtar å nytta belønning på kan f.eks vera å lokka med at elevane skal få sjå ein film (relevant til pensum) dersom dei arbeider godt i øktene. Ein nyttar bestemors lov: "Først middag, så dessert!" Målet med belønningen bør vera at klassen i felleskap kan bidra med noko. Det vil styrka samholdet, og ikkje føra til sjalusi elevane imellom.



Slik eg ser det er straff er eit tabuområde som ein helst unngår å snakka om. Straff i form av fysisk og psykisk mishandling er ikkje eit ukjend fenomen i norsk skulehistorie. Man skal tukte den man elsker, som bibelen sa det så fint! «Den som sparer på riset, hater sin sønn, den som elsker ham, tukter ham tidlig.» frå Salomos ordspråk 13, 24. Heldigvis er samfunnet kontinuerlig i endring. Etterkvart vart øyrefikar og knyttneveslag ulovleggjort, og læraren måtte nøya seg med å bruka eit lite ris på uskikkelege barn under 10 år, og ein taustump på dei eldre elevane. Den kjende og kjære skammekroken var også eit godt brukt verkemiddel.



"Time out" er notida sitt svar på skammekroken, og går ut på at barnet blir plassert på ein bestemt stad ei kort tid for å hindra at ein konflikt vidareutviklar seg. Super Nanny hadde laga sin eigen versjon av skammekroken som ho kalla "the reflection room". Ved kvart einaste, og lat meg presisera kvart einaste regelbrot, vart barnet send til "the reflection room" i 9 min. for å tenkja over sine handlingar. Dersom eleven skjønar at det kjem konsekvensar av handlingane sine, vil han/ho forhåpentligvis endra åtferda si. Då er det viktig at den vaksne parten er sterk og ikkje gir etter.



Til slutt vil eg presisera at eg trur det aller viktigaste er å vera eit godt forbilde for borna du har med å gjera. Ein må kunna vera streng, men samstundes visa at ein bryr seg om dei.

torsdag 9. oktober 2008

Konfliktløysing:

Det er siste time fredag, og matematikk står på timeplanen. Læraren er trøtt etter ei travel veke, og har heller ikkje fått planlagt økta så godt som ho i utgongspunktet hadde tenkt. Eg får vel improvisere, tenkjer ho. Det er lettare sagt enn gjort. Elevane er ukonsentrerte og har tankane ein heilt annan stad. Vesle Ole sit og vippar på stolen. "Sit i ro, Ole!" seier læraren. Siren kastar viskelær på Tore. Læraren ser det, men orkar ikkje gjere noko med det. Det er tross alt fredag! Tore ser at læraren ser det, og kjenner seg oversett. Det er ikkje første gongen Siren kastar viskelær! Han har fått nok. Før læraren får sukk for seg har han kasta seg over Siren og dreg ho i flettene.


Lat oss spola tilbake. Kva hende eigentleg her? Kva gjorde læraren feil? I "Kvalitetskolen" nemner Ogden prinsippet om lavest effektive inngrepsnivå. Ut i frå erfaring har ein funne ut at det er lettare å førebyggje problemåtferd, enn å meistra den når den allereie har oppstått. Spørsmålet er:

- Kva kan ein gjera for å førebyggja at det oppstår slike konfliktar som her?

-Korleis kan ein korrigera ein byrjande konflikt?

- Korleis skal ein gripa inn for å unngå å forstyrra resten av klassen mest mogleg, dersom det vert naudsynt?

Prinsippet om lavest effektive inngrepsnivå kan konkretiserast i tre ulike nivå: Det didaktiske nivået, førebyggjande klasseleiing og atferdskorrigering.

I eit godt læringsmiljø meiner eg det er heil avgjerande at det er god arbeidsflyt. Ved å ha god arbeidsflyt kan ein unngå forstyrrande konfliktar. God planleggjing frå læraren si side er eit privilegium. Dersom elevane heile tida er aktive og oppmerksome, er sjansen for slike konfliktar betydeleg redusert. Eg trur også at haldninga læraren har til stoffet som vert presentert er svært viktig. Læraren i forteljinga ovanfor hadde ikkje førebudd seg og viste liten interesse for det som gjekk føre seg i klasserommet. Så klart det smittar så over på elevane!

Det er viktig at læraren har eit godt overblikk over klassen. Dersom det frå dag ein er klare reglar for kva som er lov og ikkje lov, vil elevane etter kvart gi opp å prøva å trossa dei. Det vesentlege er at regelbrot blir slått ned på ved kvart tilfelle. Dersom elevane får uklar respons frå læraren, vil dei heller ikkje korrigera åtferda si. Kor voldsom reaksjonen til læraren er, har altså mindre å seie. Det som er viktig er at læraren påpeikar åtferda til eleven kvar gong, enten eleven heiter Ole eller Siren. Med andre ord må læraren passe seg for feiltolking i persepsjonsprossesen. Det er lett å skulde på den eleven som "alltid" bryt reglane, dersom det oppstår ei konflikt. Men som det vert sagt: Skinnet bedrar!

I observasjonspraksisen vår syntest eg det var interessant å sjå koleis lærarane sitt kroppsspråk verka inn på elevane. Var det mykje bråk, kunne dette løysast ved ansiktsuttrykk og augnekontakt, non-verbal kommunikasjon. Slik kan læraren løysa ei byrjande konflikt utan at det går ut over konsentrasjonen til dei andre elevane i klassen.

Men kva når konflikta allereie er nådd, og Tore dreg Siren i flettene? Læraren må avverga konflikten direkte og samstundes forsøkja å gjennoprette ein god arbeidsflyt så snart som det lar seg gjere. Er det eit problem som angår heile klassen, kan læraren nok med fordel ta det opp i samla klasse. Ein bør også forsøke å la elevane løysa konflikten på eiga hand så langt som det let seg gjere. Men læraren må sjølvsagt fungere som ein veiledande meklar mellom dei ulike konfliktpartane. Er det ein konflikt som t.d. hende i friminuttet mellom to elevar, bør læraren enten ta problemet opp med elevane seinare, eller ta dei ut av klassa dersom det er nødvendig.

onsdag 1. oktober 2008

Å planleggja opplæring, den didaktiske rammemodellen og litt av det som fall meg inn!

Det finnest dessverre ikkje noko oppskrift på korleis den pefekte undervisningsøkta skal gjennomførast. Som lærar er det viktig å kunna tilpassa seg miljøet ein er i, litt som ein kamelon eigentleg. Heldigvis har me nokre hjelpemiddel som kan vera nyttige å kjenna til i planleggjingsprossesen. Den didaktiske relasjonsmodellen viser til seks forhold som det er viktig å ta stilling til. Alle desse forholda er nært knytta opp mot kvarandre:
-læreforutsetningar.
-rammefaktorar
-mål
-innhald
-læringsaktivitetar
-vurdering

Ein lærar må kjenna elevane sine. Dette meiner eg er kjempeviktig, ikkje minst når undervisninga skal planleggjast. Ein må ha kjennskap til læreforutsetningane til kvar einskild elev, og ein må vita kva dei kan frå før. Som lærar må ein også "oppdatera"seg og orientera seg om elevane sine interesser. Kva er det eigentleg som opptek dei?
Ein må også kjenna til om det er elevar med spesielle problem i forhold til undervisningen, slik at dei kan få den tilretteleggjinga dei har krav på.

Kva rammefaktorar må du ta hensyn til?
På ein, to og tre kan kanskje den fantastiske ideen du hadde om å ta klassen med i musikkrommet og syngja "Ja, vi elsker" (som eit kreativt alternativ til ei tørr førelesning om Bjørnstjerne Bjørnson) gå rett i vasken. Kvifor? Jo, fordi du gløymte at musikkrommet allereie var okkupert av 13 elevar som tappert prøver å læra seg "Tom dooley" på gitar.
Kva kunne du ha gjort annaleis?
Det er viktig å tenkje på kva ein har til rådighet medan ein planleggjer. Alt frå rom og tid til lærebøker og digitalt utstyr får konsekvensar for korleis ein vel å gjennomføre undervisninga. På Sagvåg skule har dei oppretta eit digitalt system som gjer det mogleg for læraren å gå inn på nettet og sjekka kva rom som er ledige til ei kvar tid. Ønskjer læraren å reservere eit rom, er det gjort berre på eit tastetrykk. Enkelt og svært oversikteleg.

Mål og meining!
Å setje eit mål med undervisninga er kjempeviktig! Som Steinar ikkje kan få sagt mange nok gongar: "Undervisning er ikkje det same som at elevane lærer noko!!!" Og heile føremålet med undervisninga er jo at dei skal gjera nettopp det! Læreplanen seier sjølvsagt ein del om kva mål ein skal nå. Men læraren vil naturlegvis setja sine eigne mål både i forhold til seg sjølv og til elevane. Eg trur det er viktig for elevane at dei har eit mål dei kan arbeida mot, og at dei sjølv får vera med å påverka desse måla. Dei må ha noko å strekkja seg mot. I praksisklassen vår fekk elevane lesa leseleksa inn på lydband med jamne mellomrom. Målet var at dei skulle kunna høra utvikling frå første opptak til det siste heilt i slutten av semesteret.

Når innhaldet skal veljast ut, må ein sjølvsagt ta hensyn til læreplanen. Men det blir vår oppgåve som lærarar å strukurera og organisera innhaldet slik at elevane får eit godt utbytte av undervisninga. Læraren må også la vanskelighetsgraden til innhaldet variera for kvar einskild elev, slik at alle kan få noko å strekkja seg mot.

Val av læringsaktivitetar er avhengig av kva som skal presenterast, og elevane sine forutsetningar for denne arbeidsmåten. Her er det igjen viktig å kjenna elevane sine. Kva fungerer godt i klassen og kva fungerer godt for kvar einskild? Kven samarbeidar godt i lag? Skal elevane få velje sjølv korleis dei vil organisera seg? Alder og modningsnivå har sjølvsagt mykje å seia.
Ein må ta utgongspunkt i det faglege og finna ein innfallsvinkel som kan engasjera elevane. Ein forteljing frå nye testamentet kan til dømes bli ei feiande flott dramatisering!
Variasjon er også slik eg ser det, eit stikkord når det kjem til læringsaktivitetar.

Når ein skal presentera nytt stoff for elevane kan ein gjera dette på ulike måtar:
Elevane kan få ein utfordring eller bli stile overfor eit problem. Dei må sjølv finne løysninga og arbeide seg fram til ein konklusjon. Læraren har då valt å bruka ein induktiv tilnærmingsmetode, ein utforskande tilnærming til emnet.
Læraren kan også velja ein deduktiv tilnærmingmetode, ved å presentera ein regel eller ein forklaring med eksempel. Elevane arbeider så med oppgåver og øver på regelen.

Vurdering er viktig for den vidare utviklinga til eleven. Har ein nådd målet? Har eleven verkeleg lært noko? Karakterar er ein form for vurdering som me kjenner godt til. Kva fortel karakteren eigentleg oss? Personleg meiner eg at det er for mykje fokus retta mot karakterane ein elev presterer. Det fortel oss ikkje alltid om eleven sin kunnskap er figurativ eller operasjonell. Eg trur mange kan kjenna seg att i å ro seg inn til ein 5-ar etter to døgn intensiv pugg rett før ein uventa prøve. Har ein då eigentleg lært noko?
Eg trur det er vikig at læraren samtalar med eleven om kva eleven sjølv føler han/ho har lært. Som lærar må ein sjå eleven sine prestasjonar i forhold til resten av klassen. Kor vidt eleven har utvikla seg spelar også ei viktig rolle. Like viktig som ein karakter er det også at eleven får konstruktiv kritikk og veiledning undervegs, slik at ikkje alt blir vurdert ut ifrå det eleven presterer der og då.