fredag 1. mai 2009

Sosialisering i eit massemedia-samfunn


Anten ein er gamal eller ung, vil eit menneske alltid vere i endring. Kvar dag får me nye impulsar og inntrykk som er med på å gjere oss til den me er akkurat no. Menneska og samfunnet rundt oss formar oss, og me er med på å forme samfunnet. Gjennom livet lærer me oss korleis me skal fungere som ein del av samfunnet, og kva reglar og verdiar me skal følgje.

Denne prosessen blir kalla sosialisering. Primærsosialisering er den sosialiseringsprosessen som føregår i heimen, der mor og far som oftast er den viktigaste faktoren. Mor og far har mykje å seie for haldningane og normene me tileignar oss, og har hovudansvaret for oppdraginga av barnet. Skulen er likevel sannsynlegvis den staden utanom heimen barnet oppheld seg mest, og då er det jo sjølvsagt at skulen også blir ein viktig del av oppdragingsprosessen.

Men i dagens samfunn er det ikkje berre familie og nærmiljø som er med på å setje sitt preg på oss. Me lev i eit massemedia-samfunn, eit bruk-og kast samfunn, eit samfunn der det ikkje er plass til taperar. Gjennomsnittlig er ikkje godt nok. Ein skal helst vere kul, sporty, rik, vakker, trendy, slank, utadvendt og talentfull, og alt dette på same tid. Me nærmast dyrkar dei rike og berømte, og har urealistiske forventingar til oss sjølve og livet. Gutane draumer om ein framtidig karriere som proffesjonell forballspelar for Liverpool, medan jentene syng så det høyar etter i ein imaginær mikrofon, og bruker time etter time foran spegelen for at sminken skal sitje perfekt. Ikkje at det er noko gale med dette. Ungdommar skal få vere ungdommar. Men kor går grensa mellom å vere ein normal tenåring og å vere overdrivent sjølvoppteken?

Skrur du på TV-skjermen, vil du garantert treffe på eit reality-show og to. Desse TV-pogramma freistar både born og vaksne. Dei appelerer til kikaren i oss. Problemet med desse seriane, er at ikkje alle unge er i stand til å filtrere ut kva som er verkeleg og kva som er iscenesatt av regisørane. Dersom unge trur at realityseriane avspeglar den vaksne verda, er dette ein dårleg faktor i sosialiseringsprossesen. Her meiner eg både familie og skule må ta ansvar for å gjere unge elevar bevisste på at reality er på same måte som ein annan TV-serie, i stor grad regisert og iscenesatt for å appelere til sjåerar.



Teknologien har realisert ting ein ikkje ein gong draumte om for 60 år sidan. Ikkje minst når det gjeld kommunikasjon har det skjedd enorme endringar. Takka være mobiltelefonen kan ein vite kor borna er til ei kvar tid. Dette gir foreldre mykje større tryggleikskjensle enn tidlegare. Som ein konsekvens får nok også borna større fridom, ettersom foreldra veit det er berre til å ringje dersom det er noko. I dag er born heilt ned i seksårsalderen eigarar av mobiltelefonar, og i ungdomsskulealder finn ein nok ikkje ein einaste ein som ikkje brukar mobilen sin dagleg. Mobiltelefonen er nærmast blitt ein ekstra kroppsdel. Berre tenk kor vanvittig makteslause me blir dersom telefonen ein eller annan dag vert gløymt heime på nattbordet!
Blandt unge er også mobilen svært vikitig for det sosiale nettverket. Gjennom SMS gjer dei avtalar seg imellom, flørtar og kommuniserer. Det er slett ikkje uvanleg at unge vel å tekste SMS med andre, sjølv om dei sit i eit rom fullt av venniner og kompisar. Kva seier dette om den sosiale utviklingen i samfunnet?
SMS er ukomplisert. Å tekste noko på SMS verkar ikkje så utfordrande som å måtte seie noko ansikt til ansikt med ein person. Mobbing gjennom SMS og internett er noko som har oppstått som eit følgje av teknologien. Det er lettare å mobbe nokon på denne måten, fordi det verkar meir upersonleg. Det er viktig å få unge til å forstå at mobbing på denne måten også er mobbing, sjølv om det ikkje blir sagt direkte til personen.

Parallellt med at teknologien blir meir og meir viktig for samfunnet, blir også teknologien ein større del av unge sin kvardag. Det er ikkje eit ukjend fenomen at unge kan sitje i timevis foran ein TV-skjerm eller ein PC og spele spel eller chatte på facebook. For somme går det så langt at internett og spel blir meir verkeleg enn verda rundt dei. Ofte går det i slike tilfelle sterkt utover skuleprestasjonane, men ikkje minst hemmar det bornet sosialt.

I mitt andre år på vidaregåande skule skjedde det ein overgong. Friminutta hadde tidlegare vore dagens høgdepunkt, og i timane gledde me oss til å prate saman i pausane. Men så vart det etterkvart fleire og fleire som gjekk til anskaffing av bærbar PC. Frå no av skulle alt leverast til skulen digitalt, noko som gjorde PC-en like viktig å ha med seg i sekken som penal og skrivesaker. Friminutta var plutseleg blitt rolege. Ingen snakking, ikkje noko gitarspel og song i gongane slik det hadde vore tidlegare. No sat ein etter ein på rad og rekkje og spelte tetris på kvar sin bærbare PC. Eg følte meg rett og slett einsam i eit rom fullt av folk, og neste veke hadde eg med meg ein flunkens ny bærbar PC i sekken!

Skulen bør etter mi meining vere ein stad som er positiv til teknologi og PC-bruk. Men det er viktig å setje ramme for kva PC-ane skal brukast til. PC-bruk til alle tider, trur eg vil ha negativ effekt på elevane sitt læringsutbytte. Skulen er også elevane sin viktigaste sosiale møtestad. Å sitje med kvar sin PC i friminutta, trur eg vil vere øydeleggjande for unge sitt sosiale samhald. Sosiale ferdigheter er også noko som må utviklast og lærast. Så kor skal då elevane lære dette, dersom PC og mobil er førsteprioritet både i heimen og på skulen?


TV-seriar som idol og Top Model, har stor underhaldiningsverdi. Det er den klassiske amerikanske draumen som engasjerer oss: Historien om ein heilt vanleg person som viser seg å vere eit stort talent, og som blir oppdaga og gjort berømt over natta. Ikkje minst lar me oss underhalde av dei stakkarane som har draumar og sjølvtillit som det held, men som dessverre har teke seg vatn over hovudet. Dermed vert dei audmjuka på nasjonalt fjernsyn, og me ler med.

Kva signal sender dette til ungdommar i dag? Me kan ikkje vente at dei ikkje skal la seg påverke. Media er overfladisk og signaliserer at for å vere noko, må du vere talentfull og vakker. Ein blir støtt og stadig mata med bilete av unge, vakre og sylslanke modellar. Takka være photo-shop, har det no blitt mogleg å skape det "perfekte" mennesket. Dette påverkar unge på alle måtar. "Bli ny" eller "Få perfekt bikinikropp!" er overskrifter som herjar både på TV, internett og i blader. Dette fører til mote og slankepress. "Shopping" er namnet på ein ny og skremande vanleg hobby blandt unge. Alt for å bli lagt merke til og for å vere spesiell. Og er du ikkje med på leiken, får du smaka steiken. For kven ønskjer vel å vere "berre" gjennomsnittleg?

torsdag 12. mars 2009

Leik og læring

Leik er eit fenomen som eg trur er i oss heile livet. Også vaksne leikar, sjølv om dei neppe vågar å innrømme det. Berre tenk på mannen i midtlivskrise! Han kjøper seg motorsykkel og skinndress, eller han finn plutseleg ut at han skal lære seg å spele trommer. Mor samlar kanskje på koppesett. Og blir man eigentleg for gammal til eit slag med kort? Dette er etter mi meining også ein form for leik. Det er fysisk og psykisk aktivitet som me føretar oss for moro skuld, og som ikkje har noko mål utover seg sjølv. Me utfører handlinga fordi det er "gøy" og motiverande.
Leik lærer born å bli kjend med omverda. Dei lærer å kjenne andre, og ikkje minst lærer dei å kjenne seg sjølv. Heilt frå den heilt tidlege leiken som Piaget omtalar som den sansemotoriske leiken, lærer barnet seg sjølv og omverda å kjenne. Gjennom sansane og røyrsle testar born sine eigne grenser.

I L97 var stod leiken sentralt og som eit viktig moment i undervisninga. Læreplanen vart kritisert for å føre til for lite læringsretta aktivitet i skulen. Det var riktig nok mykje aktivitet, men aktiviteten var lite målretta. Internasjonale undersøkingar viste at norske elevar skåra dårleg i internasjonal samanheng. Så kom Lk06 med fokus på problemløysing og kunnskapar som ville gje elevane forståing. Læreplanen som gir lærarane stor metodefrihet, omtalar ikkje leik i det heile. Men det betyr aldeles ikkje at me skal styre unna leiken. Alle elevar har krav på tilpassa opplæring. Det betyr at me som lærarar må våge å møte elevane sin måte å kommunisere og uttrykkje seg på. Me må ta utgongspunkt i elevane sine interesser og våge å la elevane møte læringsstoffet gjennom desse.

Leiken er verdifull for utviklinga av det faglege knytta opp mot undervisningsstoffet. Men leiken for leiken si skuld har også etter mi meining enormt læringsutbytte. Gjennom leiken knyter born kontakt med andre og lærer evne til samarbeid. Ved leik lærer borna å kommunisere og dei utviklar munnlege ferdigheter. I leiken må dei lære å vise hensyn til andre. Dei må følgje "spelereglane". Leik er leik. Dersom ein ikkje følgjer spelereglane, vil leiken utvikle seg til alvor.

Leiken er ein prosess som førebur born på det vaksne livet. I leiken kan bornet heve seg over seg sjølv og sin eigen alder. Dei går inn i roller og som tilhøyrer den vaksne verda. Kven har ikkje leika "mor, far og born" då dei var små? Born etterliknar førebileta sine. I tidleg alder vil foreldra vere det naturlege førebilete. Etterkvart som borna frigjer seg frå foreldra, blir kanskje fotballspelaren på Manchester United eller den kule popstjerna på TV den største inspirasjonskilda i leiken. Uansett er leiken med på å gjere born bevisste på sine eigne og andre sine grenser. Dei lærer evne til å setje seg inn i ein annan sitt perspektiv og sjå fleire sider av ei sak. Med andre ord finnest det utallige grunnar til at leiken i seg sjølv er læringsstimulerande

Leik er dessutan utruleg motiverande, og dette burde som lærarar ta nytte av. Ved å bruke leik som læringsaktivitet trur eg me kan nå mange av dei elevane som vanskeleg lar seg motivere av tavleundervisning og tradisjonell oppgåveløysing. Også det fysiske aspektet ved leik er ein positiv faktor som me burde nytte, også i skulen. Det er ikkje til å leggje ba ein stol at dagens unge sit for mykje i ro. Dei sit i ro mykje av skuledagen, og mange sit også i ro når dei kjem heim. Dette får utan tvil negative konsekvensar. Fysisk aktivitet gjer deg vaknare, den stimulerer konsentrasjonsevna og motiverer.

Så korleis kan me nytte leiken i skulen for læring si skuld? Det er mange aktivitetar som kan gjere det lettare for elevane ha ein knagg å hengje lærestoffet på. Dramatisering og rolleleik, der elevane t.d. rekonstruerer ei historisk hending er eit døme. Butikk-leik i samband med matematikk er eit anna. Leik kan brukast til nesten alt. Eg trur det er læraren si usikkerhet som er den største hindringa ved å nytte leik i skulen. Redsel for at det skal oppstå kaos, eller "farlege" situasjonar, er nok med gjere oss litt redde for å bruke leik i undervisinga. Eg trur det er svært mange lærarar som ønskjer og vil nytta leik i undetvisninga, men som kanskje ikkje veit heilt korleis dei skal gripe det fatt.
Men kva skal så vere læraren si rolle i leiken? Her må situasjonen vurderast. Det kan imidlertid vere mindre heldig ha ei ignorerande rolle til leiken, der den vaksne berre grip inn dersom det oppstår konfliktar og for mykje støy. Dette går spesielt utover dei borna som treng støtte for å våge seg inn i leiken, eller dei borna som rett og slett ikkje "får lov" til å vere med i leiken. Å overta leiken til borna og gjere borna til statistar er også mindre heldig.
Den vaksne bør fungere som ein som legg til rette og set rammer for tid og rom, utstyr og materiell. Ved å observere born sin leik, kan men lære mykje om korleis ein kan ta utgongspunkt i borna sin eigen leik og koble den til lærestoffet.

torsdag 26. februar 2009

Vurdering: Læraren som vegvisar.

Du kjenner nok til det frå din eigen skulegong. På den siste matematikkprøven hadde du verkeleg anstrengt deg for å gjera det bedre enn sist gong. Du hadde hatt ei god kjensle då du forlot klasserommet. Likvel stod den der med lysande raud penn. Ein beisk toar. Berre raudt blekk, ikkje ein einaste grunn kvifor! Du krølla saman prøvepapiret og kasta det i bosset før du forlot klasserommet. "Matematikk er bånn", tenkte du, og lova at du ikkje skulle bruke eit einaste minutt på å lesa til noko du likevel ikkje ville forstå.
Dramatisk, men dessverre trur eg at nokså mange har opplevd dette i løpet av skuletida. Vurdering som i form av karakterar ikkje seier noko som helst om kva som er gjort feil, og ikkje minst kva som skal til for å gjere det bedre. Som lærarar er me i dag pålagt å gje elevane feed-back. Det vil seie framovermelding. Læraren sine tilbakemeldingar skal gi eleven hjelp til framgong, og gi informasjon om kva ein god prestasjon er. Læraren blir ein slags vegvisar som støttar og veileder eleven på vegen fram mot målet.

Det har vist seg at det som har størst effekt er tilbakemeldingar som gir eleven informasjon om oppgåva og korleis eleven kan utføra opfåva på ein bedre måte. Minst effekt har ros, belønning og straff. Med andre ord er ikkje "Godt jobba!", "Bra!" eller "Lite godt" fullverdige tilbakemeldingar. Elevane skal vite kva som gjer arbeidet deira godt, og kva som skal til for å gjera det bedre neste gong. Effektiv feedback skal gi elevane tre svar: Kva som er målet, kor eleven er i forhold til målet og kva som skal til for å kome til målet.

Det er ikkje lenge til praksis, og då skal me sjølve få prøva oss på det å gi tilbakemeldingar og feed-back. Dette trur eg blir både lærerikt og interessant. Det er viktig at me rettar oss inn mot tilbakemelding på oppgåvenivå, og unngår tilbakemeldingar på personnivå. Tilbakemeldingar som "No har du vore flink jente!", seier eleven ingenting om kva som er bra, og vil sjeldan føra til større innsats eller meir interesse for stoffet. Men det vil ikkje seia at ein ikkje skal gi ros til elevane. Ein må gi eleven ros, men rosen må vera knytta til oppgåvestoffet!

Tre kriterier for god vurderingspraksis er:

1) Oppmersomhetskriteriet- Å sjå eleven.

2) Kompetansekriteriet- Å auka eleven sin kompetanse.
3)Informasjonskriteriet- Hjelp for framgong og informasjon om kva ein god prestasjon er.

Dersom eleven ikkje føler at han blir sett av læraren, vil han heller ikkje bry seg om å gjera det godt. Motivasjonen vil sannsynlegvis etter kvart svikta. Dersom læraren til dømes vel å la nokon andre enn Kari svara høgt i klassen kvar einaste gong, fordi han veit ho kan stoffet sitt, er det ikkje sikkert Kari oppfattar det slik. Ho føler seg oversett, og ser difor ingen vits i å streva for å gjera det godt. Alle elevar har krav på merksemd, uansett læreforutsetningar og nivå.

For at elevane skal gjera ein god prestasjon er det heilt naudsynt at dei veit kva som er venta av dei. Dei må vita kva det vil seia å gjera ein god prestasjon. Veit ikkje eleven dette, er sjansane store for at eleven anten gjer ein for liten innsats eller strevar seg i hjel for å gjere det godt nok. Elevane må få kjensle av at det dei arbeidar med har mål og meining. Difor er feed-back så viktig. Elevane må sjølve bli bevisste på kva som skal til for å få progresjon, men det er læraren som må leggja til rette for dette.



torsdag 12. februar 2009



Motivasjon er ei drivkraft. Den aktiviserer oss til å handle, og gjer handlingane våre meining. Det er nettopp difor motivasjon i skulen er så viktig. Me må gi elevane kjensle av at handlingane deira har eit mål og er meiningsfulle. Det er ei av dei viktigaste oppgåvene me vil møta på i skulen, og som lærarar må me leggja til rette for at alle elevane skal få mogleighet til å oppleve skulen som meiningsfull.

Når eg ser tilbake på min eigen skulegong, ser eg kor mykje læraren sine handlingar har å seie for motivasjonen i skulen. Eg hugsar nilesinga før prøvane, deretter den nervepirrande ventinga på karakteren. Var resultatet bra, følte eg det var strevet verdt, sjølv om prøvestoffet var gløymt innan eit par veker. Det var karakteren som gav meining. Ikkje sjølve kunnskapen.

Slik er det nok for mange elevar. Når hormonane herjar som verst og skule ikkje har nokon annan betydning enn det reint sosiale, vil også motivasjonen for å lære la seg farge av dette. Ein elev vil kanskje oppnå godt resultat for å glede læraren. Ein annan derimot vil oppnå godt resultat for ikkje å gjere det dårlegare enn klassekameratane. Det finnes også dei som veit at det ventar ein hundrelapp dersom 5-aren er sikra. Me har alle ulike ting som driv oss. Difor er det så viktig å kjenne sine elevar. Kjenner ein elevane sine interesser, vil ein også forstå kva som driv kvar og ein.
Me skil mellom indre og ytre motivasjon. Begge deler er godt ankra fast i skulen, og eg trur at ein kombinasjon av desse vil vere med på å nå ut til flest mogleg. Dersom eleven interesserar seg for lærestoffet, vil vegen til godt resultat sannsynleg vis vere kort. Men kanskje er ytre motivasjon akkurat det som skal til for at eleven skal få interesse for faget? Dersom eleven sjølv ser at han meistrar, vil kanskje interessa for faget vekse fram?
Attribusjonsteori handlar om å finne årasaken til det som hender oss. Elevar med låg sjølvoppfatning, vil oftare forklare nederlag med indre årsaker enn ein med høg sjølvoppfatning. Dersom ein slik elev får godt resultat vil han kanskje forklare det med flaks. Ein elev som alltid møter nederlag vil sannsynlegvis til slutt gi opp. Dersom eleven ikkje har trua på at han kan meistre, vil sannsynlegvis prestasjonen la seg farge av dette.
Eit døme eg kom til å tenkje på i samband med dette: Resultat har vist at gutar gjer det bedre i matematikk enn jenter. Jentene derimot skårar høgare i språkfaga. Med andre ord er det blitt akseptert at jenter ikkje gjer det så godt i matematikk, på same måte som at gutar ikkje toppar resultatet i norsken og framandspråka. Om det er myte eller fakta, veit eg ikkje, men eg trur at dersom forventningane til kva me kan prestera er låge, vil prestasjonen bli deretter. Det er så utruleg viktig at me gir elevane forståing for at godt og gjevnt arbeid vil gi resultat. Dersom eleven forklarer dårleg resultat med indre årsaker vil dette skade sjølvoppfatninga: "Eg er for dum til å greie det". Å gi eleven ros er utruleg viktig uansett nivået eleven ligg på. Når eleven har gjort ein god innsats og arbeidd jamnt og trutt, er det viktig at me gir ros, uansett om eleven kanskje ikkje scora høgt i klassesamanheng. Ein må gi konkrete tilbakemeldingar om kva som er godt med arbeidet til eleven. Men like viktig er det at eleven får forklaring på kva som skal til for å gjere det enda bedre neste gong.
I eit klasserom møter me mange ulike personlegdommar. På første rad sit Håvard og Kristine og nærmast konkurrerer om merksemda til læraren og dei andre klassekameratane. Dei er dei første til å rekkje opp handa når anledninga byr seg. I bakerste hjørne finn me Hans som gruar seg kvar gong han må lese høgt. Han har boka oppslått på pulten, fordi det kjennest litt tryggare då.
Motivasjon er sterkt knytta til kjenslelivet og personlegdommen vår. Angst for å feile og glede over å meistre er med på å forme drivkrafta vår. Dersom angsten tek overhand vil eleven i liten grad verte motivert. Den vil prøve å vri seg unna, finne ein utveg for å unngå det som er ubehageleg. Dersom lysta til å meistre er større enn angsten for å feile, vil eleven bli motivert til å ta fatt på oppgåva. Så kva kan me som lærarar gjere?
Nok ein gong trur eg ein må spele på interessene til eleven. Eg trur at ved å la eleven få "vise seg" i nokre av evnene sine, vil kanskje også sjølvoppfatninga vekse? Eg hugsar tilbake til tidleg ungdomsskule, der eg gjekk i klasse med ein gut som hadde opplevd mobbing gjennom heile skulen. Ikkje gjorde han det særs godt på skulen heller. Å prate høgt i klassen var hans aller verste mareritt, og når han først gjorde det, var det med mumlande og stammande røyst. Mobbarane hadde gjort han til ein "usynleg elev".
Lærarinna mi visste ein ting som ingen andre visste. Han var ein gud på gitar. Når anledninga baud seg, fekk ho overtalt han til å spele for klassen, og etter dette blomstra han verkeleg. Eg trur sjølvsagt ikkje det er så enkelt i alle tilfelle, men eg føler eg sjølv lærte noko av den episoden.




onsdag 28. januar 2009

konstruksjon og design: First Lego league



Gjennom konstruksjon og design-prosjektet, har eg og resten av praksisstudentane ved Sagvåg skule arbeidd med First Lego League. Lego League er ein teknologiturnering arrangert for born og unge i alderen 10-16 år, og som legg vekt på kreativitet og evne til å tenkje utradisjonelt. Ved Sagvåg Skule har elevar delteke i denne konkurransen i fleire år no. Dermed fekk me høve til å setje oss inn i kva Lego League eigentleg går ut på, og korleis dette blir brukt i skulen.

Ved tidlegare praksisperiodar hadde me jo så klart sett elevane i aksjon i gongane, men personleg hadde eg lite forståing for kva dei eigentleg føretok seg. Ikkje minst hadde eg problem med å forstå det faglege aspektet ved byggjing av lego, men dette hadde nok mest å gjere med min manglande kunnskap om emnet.

Konstruksjon og design-prosjektet var eit tredelt prosjekt: Me skulle arbeide med First Lego League, lære kva det går ut på og korleis det blir brukt i skulen. Produktet vårt skulle vere ein intern konkurranse oss studentane imellom, der to av studentane skulle fungere som dommerar, med elevane som publikum sjølvsagt.
Andre del av oppdraget var å produsere ein fagtekst som skulle gi informasjon om dei faglege sidene ved prosjektet. Denne skulle også ha ei brukarrettleiing/manual som viser korleis ein lagar produktet, med trinnvise forklaringar og illustrasjonar. I tillegg skulle det planleggjast eit undervisningsforløp, med kronologisk beskrivelse strukturert ut ifrå den didaktiske relasjonsmodellen. Me skulle også førebu ein multimodal presentasjon der fagtekst, manual, og undervisningsopplegg skulle presenterast.
Tredje del av oppdraget gjekk ut på at me skulle planleggje og førebu eit undervisningsoppleggut frå undervisningsmateriellet me sjølv hadde laga. Dette skulle gjennomførst 29 ferbruar ved Sagvåg Skule.

Fredag 12 januar
Eg og dei andre studentane ved Sagvåg skule møtte til møte kl. 10. Der fekk me ein kort innføring i Lego League, samt litt informasjon om kva me skulle gjere i dagane framover. Me fekk installert programvaren me trong på PC-ane våre. Deretter fekk me ein liten demonstrasjon av nokre av Lego League elevane ved Sagvåg skule. Dei fortalde korleis det hadde vore å delta i konkurransen, litt om korleis dei hadde lært seg å byggje og programmere roboten. Somme var meir entusiastiske enn andre, og hadde særs mykje å fortelje. Eg kan vel trygt seie at me hadde nokre gode hjelparar med oss i startfasen, og det verka som elevane var meir enn villege til å hjelpe oss i gong.
Det viste seg at me hadde mykje mindre utstyr til rådighet enn først tenkt, ettersom HSH sitt utstyr var ein smule utdatert. Dermed hadde me berre Sagvåg skule sitt utstyr å hjelpe oss med, altså to robotar på 11 personar. Me delte oss difor i to grupper, istadan for å dele oss etter praksisgruppene slik det først var tenkt.
Det første elevane gjer når dei er påmelde i konkurransen, er å setja seg inn i dei ulike oppdraga og reglane. Dette gjorde me også. Me prøvde også så smått å programmere roboten til å utføre heilt enkle rørser, t.d. køyre fram og snurre rundt. Me var sjølvsagt veldig nøgde når me fekk dette til.
Roboten var ferdigbygd før me starta med prosjektet, men etter råd frå våre ihuga hjelperar, fekk me vite at det var lurt å setje saman ein ny robot som ville vere meir funksjonell. Flat og firkanta var visstnok den mest effektive sorten. Difor fekk me akkurat bygd robotdelane frå kvarandre før klokka viste tid for å gå heim.

Mandag:
Me hadde blitt einige om å treffast kl.9. Roboten skulle byggjast om og dette ville ta tid. Me hadde sett konkurransedagen til torsdag same veke, noko som gav oss fire dagar til å setje roboten saman, velje oppdrag, og programmere roboten til å utføre desse, noko elevane vanlegvis har åtte veker på. Roboten fekk ganske anna form enn først planlagt. Firkanta og flat var vell ikkje akkurat synonymet til roboten vår. Uansett så vart me einige om å ikkje endre den meir ettersom me hadde begrensa med tid. Å ha seks personar som saman skal byggja ein robot er vanskeleg å organsisera. Det blir lett til at det er dei mest ivrige som kanskje også er litt teknisk begava som tek på seg hovudansvaret. Eg sette i gong med å prøva å produsere ein fagtekst. Eg fann mykje informasjon på lego league si heimeside http://www.hjernekraft.org/. Likevel var det begrensa kor mykje eg kunne skrive utan at me var blitt einige om korleis me skulle organisere fagteksten. Skulle kvar gruppe lever sin fagtekst? Skulle praksisgruppene levere kvar si utgåve, eller skulle me lage ein felles fagtekst? Alt var snudd på hovudet ettersom me no arbeidde på tvers av praksisgruppene, og hadde mykje mindre utstyr enn planlagt. Me fekk i det minste bygd ein hentemekanisme som skulle brukast til å løyse oppdraga. Måndagen var gått utan at eg følte eg hadde fått bidrege noko særleg.

Tysdag :
Denne dagen arbeidde me svært mykje med eit oppdrag som bestod av å bruke ein høygaffelliknande hentemekansisme til å plukke opp ein raud propp i motsatt ende av robotbanen. Me fann også ut at roboten kunne løyse fleire oppdrag i same vending. Men det var lettare sagt ein gjort. Programmeringa var ein svært tidkrevjande prosess. Dessutan måtte me vere svært nøyaktige med utgongsposisjonen til roboten, ettersom ein liten feil ville få stort utslag på retningen til roboten. Me lukkast ikkje med dette før dagen var omme. Nok ein dag som var prega av mykje passiv venting. Eg tok på meg ansvaret å filma prossessen undervegs. Eg forsøkte også å tenkje ut korleis me kunne organsiere undervisningsopplegget og kva elevane evt. kunne arbeida med. Men dette var heller ikkje så enkelt å setje i gong med ettersom me var så mange som måtte bli einige.

Onsdag:
Dette var aller siste dagen før den store konkurransen. Me jobba på spreng for å få programmert roboten til å utføre flest mogleg poengivande oppdrag, men me hadde knapt med tid. Kvar konkurranserunde varer i 2 og eit halvt minutt, og ettersom vår robot gjekk misstenkjeleg seint såg det ikkje heilt lovande ut. I tillegg hadde me satsa på oppdrag av den poengivande sorten, istadan for å velje enkle oppdrag som gav litt færre poeng. Denne dagen var eit levande bevis på at ikkje alltid teknologien arbeidar med oss. Det viste seg nemleg at motorane som dreiv hjula, ikkje gjekk likt, noko som ikkje gjorde det lett å programmera. Det var vel omtrent 50 % sjanse for at roboten ville gjere slik me hadde programmert den til å gjere. Det einaste me kunne gjere var å setje roboten på lagring og håpe på det beste. Det var for seint å byggje roboten på nytt no.

Torsdag, konkurransedagen:
Me flytta robotborda og utstyret ned i aulaen. Her skulle konkurransen synast på storskjerm med fjerde, femte, sjette og sjuande klasse som tilskoderar. Konkurransen skulle byrje kl.12, så me hadde litt tid til den aller siste finpussen. Me hadde vald Jan Even og Magnar som våre representantar i konkurransen. Dette fordi dei var best kjende med kor roboten skulle plasserast for å løyse oppdraga og kva hentemekanismar som skulle brukast til ei kvar tid. Då aualen var full av heiande elevar, var me klare til å setja i gong. Kjersti og Siri skulle vere dommerar.
Kvart lag fekk tre køyrerundar på to og eit halvt minutt. Den mest poengivanderunden var den avgjerande. Etter tre rundar såg det dårlig ut for laget vårt, og me måtte seie oss slått av den meir funksjonelle roboten til motlaget vårt. Men elevane ved Sagvåg skule var vel nøgde, og det verka som dei storkoste seg gjennom heile konurransen.
På slutten av dagen hadde me eit møte der me vart einige om å levere ein felles fagtekst ettersom me hadde arbeidd så tett på kvarandre og sidan konkurransen hadde vore eit felles produkt. Det ville bli ein utfordring å organisere oppgåvene mellom oss, men me klarte til slutt å bli einige. Eg skulle skrive fagtekst.
Me bestemte oss også for korleis me skulle organisere undervisningsforløpet me skulle gjeonnomføre 29 januar. Eg, Marie, Silje Anita og Siri skulle planleggje eit felles undervisningsopplegg relatert til lego.

Fredag 16. og Måndag 19. januar:
Eg og Marie produserte fagteksten. Me fann mykje nyttig informasjon på Lego league sine heimesider.

Tysdag 20. januar:
Eg, Silje Anita, Marie og Siri samlast for å planleggje undervisningsopplegget. Me vart einige om at elevane skulle få byggje hus i lego. Me vart einige om å koble undervisninga til matematikk og kunst og handtverk. Utfordringen deira ville bli å byggje eit hus med meir enn fire veggjer, helst me to etasjar. Kreativitet og fatansi ville telje som eit pluss. Det ville bli ein liten konkurranse der elevane får plukke ut vinnarhuset.

Onsdag 21 januar:
Denne dagen hadde me planlagt å sy i saman presentasjonen, men p.g.a. at fleire var sjuke og ikkje kunne møte av andre grunnar, fekk me ikkje gjennomgått presentasjonen slik me hadde tenkt, så me måtte førebu oss kvar for oss.

Torsdag 22. januar:
Me gjennomførte presentasjonen. Dette gjekk stort sett greit, men sidan me var ei svært stor gruppe, blei presentasjonen i lengste laget. To personar var borte denne dagen, mellom anna Marie som eg skulle presentere fagteksten saman med. Dermed vart eg nøydd til å førebu hennar del kvelden før presentasjonen. Eg følte difor i etterkant at eg ikkje fekk presentert stoffet så godt som eg i utgongspunktet hadde planlagt. Men slikt skjer, og me måtte gjere det beste ut av det.

Torsdag 29. januar:
Denne dagen skulle me prøve ut undervisningsopplegget me hadde planlagt under konstruksjon og design prosjektet. Me hadde bestemt oss for å ha tre ulike stasjonar: ein stasjon med byggjing av tårn, ein stasjon med lego league og programmering og vår stasjon, der elevane skulle få byggje hus i lego. I tillegg hadde me laga nokre teori oppgåver som gjekk på mål og geometri. Husbyggjinga skulle vere ein liten konkurranse, der det vart lagt vekt på fantasi og kreativitet. Elevane måtte også berekne tida dei hadde til rådighet slik at dei ikkje la seg ut på eit for omfattande arbeid. Kvar gruppe bestod av ca.22 elevar frå 5., 6. og 7. klasse.
Gruppene fekk ein kort introduksjon i det dei skulle gjere. Deretter delte dei deg inn i grupper på tre og fire og sat i gong med bygjinga.
I førekant av undervisningsopplegget hadde eg sett for meg at mykje av arbeidet denne dagen ville gå med til rett og slett å halde kustus på elevane. Der tok eg faktisk feil. Denne type aktivitet tok så mykje av konsentrasjonen til elevane at dei arbiedde roleg og målretta frå første minutt. Ikkje hadde me nokon protesterande sjuandeklassingar som føkte seg for modne til å byggja med lego heller. Også elevar som lett melder seg ut av andre aktivitetar i skulen, såg ut til å vere engasjerte denne dagen. Men sjølvsagt var det somme som såg sjansen til å gjere nokre sprell. Uansett gjekk denne dagen over alle mine forventningar. På slutten av dagen hadde me eit felles møte med praksislærarane.

Vekene me har arbeidd med konstruksjon og design prosjektet har vora mongfoldige. Eg har lært at det løner seg å planleggje godt på førehand, spesielt dersom ein er mange saman. Dette er vel kanskje den største feilen me gjorde heilt i starten, men som fekk konsekvensar for heile prosjektperioden. Me fekk meir eller mindre instruks om å berre byggje og eksperimentere med robotane dei første dagane for å gjere oss kjend med korleis programmeringa og roboten fungerte. Dette hadde for så vidt vore greit dersom me hadde hatt seks robotar slik først tenkt. No hadde me me berre to robotar på 11 studentar. Dette skapte problem. Det vart slik at somme skrudde i saman og mekka på roboten. Andre vart sitjande og vente, lenge! Eg førsøkte å skrive fagtekst, men utan å ha laga ein skikkeleg plan på korleis fagteksten skulle skrivast, var ikkje dette så enkelt. Eg skjønar at organiseringa var dårleg og at me burde ha rullert og bytta på kven som haldt på med robotane, kven som programmerte og kven som tok seg av det reint teoretiske, men me hadde vel ein god del samarbeidsproblem innad gruppene, noko som gjorde dette mykje vanskelegare enn kva det i utgongspunktet burde vore.

No i etterkant ser eg også at det ikkje berre var dette som var problemet. Det var rett og slett alt for lite arbeid. Hadde me skrive heile fagteksten og gjort ferdig planleggjinga av undervisningsopplegget før konkurransedagen, hadde me ikkje hatt noko å gjere den neste veka. Mangelen på robotar førte rett og slett til at me vart sitjande litt med hendene i fanget utan å vite kva me skulle ta oss til. Trass i ein del samarbeidsproblem undervegs, vil eg påstå at evnen til å organisere oss steig nokre hakk i etterkant av konkurransen. Arbeidsfordelinga gjekk fint og me klarte å sy i saman ein brukbar presentasjon.

Eg trur eg har gjort meg ein erfaring rikare når det kjem til prosjektarbeid i skulen. Dei problema elevane hadde med samarbeid ved byggjing av hus, var stort sett det same som dei me hadde då me arbeidde me Lego League. Det er skremande kor lite ein utviklar seg på dette feltet. Det er alltid somme som er veldig engasjerte og ønskjer å ta styringa. Det fører til at andre blir meir passive og tilbaketrukne. Eg trur dette er heilt naturleg, ettersom alle er ulike og har ulike tankar om kva som er ein bra arbeidsprosses. Men eg trur likevel me har forbetringspotensiale på dette feltet. Å sja elevane i aksjon torsdag 29. januar gav meg ein god tankevekkjar.

Prosjektperioden med Lego League har gitt meg mange tankar eg vil ta med meg vidare. Spesielt når det kjem til prosjektarbeid i skulen. Å sjå kor engasjerte og ivrige elevane som hadde delteke i konkurransen var, fekk meg til å sjå kor viktig det er å opne for prosjekt som fremjer teknisk og naturvitenskaplege fag i skulen. I dagens moderne samfunne blir slik kompetanse meir og meir aktuell. I utgongspunktet trur eg at denne typen arbeid i dei aller fleste tilfelle vil appelere til gutar i større grad enn hos jenter. Ofte vil det kanskje også vere dei elevane som ikkje gjer det best i "vanlege" skulefag som her vil blomstre opp. Og dette synest eg er positivt. Ein grip fatt i interessene til elevane, samtidig som dei vil lære utruleg mykje.
Lego League er også ein glimrande anledning til å fremje interesse for teknisk kunnskap også blandt jenter.
Ei anna positiv side med Lego League er krava konkurransen set til samarbeid. Det er ikkje nok å stille med ein fabelaktig robot, dersom samarbeidet på gruppa ikkje fungerer. Konkurransen set klare krav til at alle deltakerane har sett seg inn i dei ulike delane av konkurransen. Dette vil dommerane nemleg teste ut.
Lego League i skulen opnar for ein utforskande, induktiv måte å lære på. Elevane skal få prøve seg på eiga hand. Dei skal lære av erfaringane dei gjer seg. Dette er svært aktuelt i samband med sosiokulturell læringsteori. Samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til kunnskap. Dette la me også vekt på i planleggjinga av undervisningsforløpet 29. januar. Det vart sett krav til at elevane skulle samarbeide i prossesen. Det synest eg også dei aller fleste elevane meistra overaskande godt. Dei delte seg sjølve i grupper på tre og fire. Ingen vart haldne utanfor. Dei gruppene som ikkje meistra samarbeidet oppnådde heller ikkje eit godt sluttresultat.
På husbyggjings-stasjonen hadde me lagt opp til ein liten konkurranse der elevane sjølve skulle få stemme fram det huset dei likte best. I førekant av undervisninga var me litt usikre på kva for utfall dette ville få og korleis elevane kom til å ta det. Somme elevar opparbeidar seg nærmast eit slags personleg forhold til produktet, og vil dermed kanskje oppleve konkurransen som personleg kritikk. Men me håpte at dei aller fleste ville sjå på konkurransen som positiv motivasjon.
Eg trur dei aller fleste av elevane opplevde konkurransen som både kjekk og motiverande. Dei arbeidde målretta og konsentrert. Likevel fekk me oppleve å sjå elevar som ikkje takla konkurransesituasjonen fullt så godt. Etter å ha arbeidd godt og effektivt i ein halvtime, valde ein elev å knuse sitt og samarbeidskameraten sitt hus i den same augneblinken han skjøna at han ikkje kom til å bli ferdig med huset. Dette var kanskje eit resultat av at han var redd for at arbeidet ikkje skulle vere bra nok. Bedre med eit knust hus enn eit som ikkje strekkjer til. Uansett trur eg at å skåne elevane frå konkurransesituasjonar ikkje vil bidra til å gjere dei tryggare på seg sjølve. For at elevane skal få eit leik innstilt forhold til konkurranse er det viktig at dei blir vane med det, slik at dei ikkje blir øydelagde av prestasjonspress når ein slik situasjon oppstår.

Til slutt vil eg seie at eg prosjektvekene med konstruksjon og design har vore svært lærerikt for med, og eg vil tru også for dei andre studentane. Sjølv om eg har lært mykje om programmering og robotbyggjing, har eg lært vel så mykje om det å samarbeide og det å skulle planleggje eit opplegg i saman med så mange. Eg synest spesielt organiseringa av undervisningsdagen var lærerik, og eg synest me løyste det veldig fint. Så trass i litt mangel på utstyr og ein god del "krangel" undervegs, har det vore kjekt og spanande, både for oss studentar, og for elevane ved Sagvåg skule.

mandag 22. desember 2008

Ein blogg om blogging:)

Ja, tenk så var me komne til siste bloggen dette året. Eg skal ærlig og oppriktig seie at tankane mine er i feriemodus, og at eg helst vil gomla mandariner og sjå på "The Julekalender" på TV2.
Blogging har vore så mangt dette halve året. Det har vore lærerikt, inspirerande, men også ein smule stressande. Uansett så føler eg at det har vore det vesle sparket i baken eg ofte treng for å setje meg ned og sortere det eg faktisk har lært i løpet av veka. Blogging har uten tvil gjort meg klokare. Nettopp fordi eg får formulert og sett ord på mine eigne tankar.
Den største utfordringa synest eg har vore å kommentera andre sine innlegg. Dette er eit felt eg ønskjer å bli enda bedre på, så eg håpar eg for moglegheit til dette også etter jul.
Blogging har vore tidkrevjande. Eg har sete i ein time, to timar, somme gongar lengre. Men eg trengte dette, nettopp fordi eg veit eg sjølv ikkje lærer best ved å lesa side opp og ned i ei bok. Når eg får eg får laga lærestoffet om til mine eigne ord, då lærer eg! Og dette trur eg ikkje eg er åleine om.

God jul alle saman!

onsdag 26. november 2008

Kva er eigentleg intelligens?

Intelligens er eit ord som er vanskeleg å definera. Det finnest så utruleg mange svar på intelligens. For kan me eigentleg avgjere kven som er den mest intelligente av hjernekirurgen på operasjonssalen og biletkunstnaren nede i gata? På 1980-talet lanserte Harvard-forskaren Howar Gardner sin teori om Multi-intelligens. I følge han er me alle fødde med dei ulike typane intelligens, men me utviklar dei og nyttar dei i ulik grad opp gjennom livet.
Gardner har funn fram til at menneske har minst sju ulike intelligensar:

1.Språkleg intelligens

2.Logisk/matematisk intelligens

3.Visuell intelligens

4.Musikalsk intelligens

5.Kroppsleg/kinestetisk intelligens

6.Intuitiv intelligens

7.Sosial intelligens


Opp gjennom tida har skulen i større og midre grad verdsett dei ulike intelligensane til elevane. Ein har tidlegare forsøkt å måle intelligens med diverse IQ-testar, som var laga for å måle personar sitt gennerelle intelligensnivå. Men ein tradisjonell IQ-test tek berre for seg språkleg og matematisk/logisk intelligens. Desse to intelligensane ligg begge i venstre hjernehalvdel. På grunn av mykje fokus på denne typen intelligensar frå skulen og samfunnet si side, nyttar me ikkje optimalt høgre hjernehalvdel, der kreativitet og nytenkjing ligg. Dermed vert vår totale hjernekapasitet redusert. (Kunsten å lære: http://home.online.no/~steinny/Kap1/7intelligenser.htm)


Det er svært viktig for oss som skal verta lærarar å kjenna til dei ulike måtane elevar lærer på og ulike læringstrategiar me kan nytta i undervisninga. Den vanlege forlesingsmetoden funkar muligeins for nokre, men slett ikkje for alle. Difor er det viktig at me lærer oss å kunna variera, slik at flest mogleg får så godt læringsutbytte som råd. Ikkje berre bør læraren vera obs på korleis dei ulike elevane best lærer, men elevane sjølve må bli bevisste på å finne ut kva som fungerar best for dei. Eg trur personleg at mange har prestert dårlegare enn naudsynt på skulen, rett og slett fordi dei ikkje har aning om korleis dei sjølv skal tileigna seg kunnskap.
Mange av talenta til elevane i skulen har tidlegare vore nedprioriterte fordi dei ikkje går overeins med samfunnet si oppfatning om kva som er viktig å kunna. Det er utrulig synd når ein tenkjer på alt det prositive som kunne komt ut av at elevane fekk nytta evnene sine. Menneske er skapt ulike, og det er iallefall eg evig takknemlig for. Eg les eit sitat på internett som eg meiner seier ein god del: "Ingen er flinke i alt, men alle er flinke i noko!"