fredag 1. mai 2009

Sosialisering i eit massemedia-samfunn


Anten ein er gamal eller ung, vil eit menneske alltid vere i endring. Kvar dag får me nye impulsar og inntrykk som er med på å gjere oss til den me er akkurat no. Menneska og samfunnet rundt oss formar oss, og me er med på å forme samfunnet. Gjennom livet lærer me oss korleis me skal fungere som ein del av samfunnet, og kva reglar og verdiar me skal følgje.

Denne prosessen blir kalla sosialisering. Primærsosialisering er den sosialiseringsprosessen som føregår i heimen, der mor og far som oftast er den viktigaste faktoren. Mor og far har mykje å seie for haldningane og normene me tileignar oss, og har hovudansvaret for oppdraginga av barnet. Skulen er likevel sannsynlegvis den staden utanom heimen barnet oppheld seg mest, og då er det jo sjølvsagt at skulen også blir ein viktig del av oppdragingsprosessen.

Men i dagens samfunn er det ikkje berre familie og nærmiljø som er med på å setje sitt preg på oss. Me lev i eit massemedia-samfunn, eit bruk-og kast samfunn, eit samfunn der det ikkje er plass til taperar. Gjennomsnittlig er ikkje godt nok. Ein skal helst vere kul, sporty, rik, vakker, trendy, slank, utadvendt og talentfull, og alt dette på same tid. Me nærmast dyrkar dei rike og berømte, og har urealistiske forventingar til oss sjølve og livet. Gutane draumer om ein framtidig karriere som proffesjonell forballspelar for Liverpool, medan jentene syng så det høyar etter i ein imaginær mikrofon, og bruker time etter time foran spegelen for at sminken skal sitje perfekt. Ikkje at det er noko gale med dette. Ungdommar skal få vere ungdommar. Men kor går grensa mellom å vere ein normal tenåring og å vere overdrivent sjølvoppteken?

Skrur du på TV-skjermen, vil du garantert treffe på eit reality-show og to. Desse TV-pogramma freistar både born og vaksne. Dei appelerer til kikaren i oss. Problemet med desse seriane, er at ikkje alle unge er i stand til å filtrere ut kva som er verkeleg og kva som er iscenesatt av regisørane. Dersom unge trur at realityseriane avspeglar den vaksne verda, er dette ein dårleg faktor i sosialiseringsprossesen. Her meiner eg både familie og skule må ta ansvar for å gjere unge elevar bevisste på at reality er på same måte som ein annan TV-serie, i stor grad regisert og iscenesatt for å appelere til sjåerar.



Teknologien har realisert ting ein ikkje ein gong draumte om for 60 år sidan. Ikkje minst når det gjeld kommunikasjon har det skjedd enorme endringar. Takka være mobiltelefonen kan ein vite kor borna er til ei kvar tid. Dette gir foreldre mykje større tryggleikskjensle enn tidlegare. Som ein konsekvens får nok også borna større fridom, ettersom foreldra veit det er berre til å ringje dersom det er noko. I dag er born heilt ned i seksårsalderen eigarar av mobiltelefonar, og i ungdomsskulealder finn ein nok ikkje ein einaste ein som ikkje brukar mobilen sin dagleg. Mobiltelefonen er nærmast blitt ein ekstra kroppsdel. Berre tenk kor vanvittig makteslause me blir dersom telefonen ein eller annan dag vert gløymt heime på nattbordet!
Blandt unge er også mobilen svært vikitig for det sosiale nettverket. Gjennom SMS gjer dei avtalar seg imellom, flørtar og kommuniserer. Det er slett ikkje uvanleg at unge vel å tekste SMS med andre, sjølv om dei sit i eit rom fullt av venniner og kompisar. Kva seier dette om den sosiale utviklingen i samfunnet?
SMS er ukomplisert. Å tekste noko på SMS verkar ikkje så utfordrande som å måtte seie noko ansikt til ansikt med ein person. Mobbing gjennom SMS og internett er noko som har oppstått som eit følgje av teknologien. Det er lettare å mobbe nokon på denne måten, fordi det verkar meir upersonleg. Det er viktig å få unge til å forstå at mobbing på denne måten også er mobbing, sjølv om det ikkje blir sagt direkte til personen.

Parallellt med at teknologien blir meir og meir viktig for samfunnet, blir også teknologien ein større del av unge sin kvardag. Det er ikkje eit ukjend fenomen at unge kan sitje i timevis foran ein TV-skjerm eller ein PC og spele spel eller chatte på facebook. For somme går det så langt at internett og spel blir meir verkeleg enn verda rundt dei. Ofte går det i slike tilfelle sterkt utover skuleprestasjonane, men ikkje minst hemmar det bornet sosialt.

I mitt andre år på vidaregåande skule skjedde det ein overgong. Friminutta hadde tidlegare vore dagens høgdepunkt, og i timane gledde me oss til å prate saman i pausane. Men så vart det etterkvart fleire og fleire som gjekk til anskaffing av bærbar PC. Frå no av skulle alt leverast til skulen digitalt, noko som gjorde PC-en like viktig å ha med seg i sekken som penal og skrivesaker. Friminutta var plutseleg blitt rolege. Ingen snakking, ikkje noko gitarspel og song i gongane slik det hadde vore tidlegare. No sat ein etter ein på rad og rekkje og spelte tetris på kvar sin bærbare PC. Eg følte meg rett og slett einsam i eit rom fullt av folk, og neste veke hadde eg med meg ein flunkens ny bærbar PC i sekken!

Skulen bør etter mi meining vere ein stad som er positiv til teknologi og PC-bruk. Men det er viktig å setje ramme for kva PC-ane skal brukast til. PC-bruk til alle tider, trur eg vil ha negativ effekt på elevane sitt læringsutbytte. Skulen er også elevane sin viktigaste sosiale møtestad. Å sitje med kvar sin PC i friminutta, trur eg vil vere øydeleggjande for unge sitt sosiale samhald. Sosiale ferdigheter er også noko som må utviklast og lærast. Så kor skal då elevane lære dette, dersom PC og mobil er førsteprioritet både i heimen og på skulen?


TV-seriar som idol og Top Model, har stor underhaldiningsverdi. Det er den klassiske amerikanske draumen som engasjerer oss: Historien om ein heilt vanleg person som viser seg å vere eit stort talent, og som blir oppdaga og gjort berømt over natta. Ikkje minst lar me oss underhalde av dei stakkarane som har draumar og sjølvtillit som det held, men som dessverre har teke seg vatn over hovudet. Dermed vert dei audmjuka på nasjonalt fjernsyn, og me ler med.

Kva signal sender dette til ungdommar i dag? Me kan ikkje vente at dei ikkje skal la seg påverke. Media er overfladisk og signaliserer at for å vere noko, må du vere talentfull og vakker. Ein blir støtt og stadig mata med bilete av unge, vakre og sylslanke modellar. Takka være photo-shop, har det no blitt mogleg å skape det "perfekte" mennesket. Dette påverkar unge på alle måtar. "Bli ny" eller "Få perfekt bikinikropp!" er overskrifter som herjar både på TV, internett og i blader. Dette fører til mote og slankepress. "Shopping" er namnet på ein ny og skremande vanleg hobby blandt unge. Alt for å bli lagt merke til og for å vere spesiell. Og er du ikkje med på leiken, får du smaka steiken. For kven ønskjer vel å vere "berre" gjennomsnittleg?

Ingen kommentarer: