torsdag 12. februar 2009



Motivasjon er ei drivkraft. Den aktiviserer oss til å handle, og gjer handlingane våre meining. Det er nettopp difor motivasjon i skulen er så viktig. Me må gi elevane kjensle av at handlingane deira har eit mål og er meiningsfulle. Det er ei av dei viktigaste oppgåvene me vil møta på i skulen, og som lærarar må me leggja til rette for at alle elevane skal få mogleighet til å oppleve skulen som meiningsfull.

Når eg ser tilbake på min eigen skulegong, ser eg kor mykje læraren sine handlingar har å seie for motivasjonen i skulen. Eg hugsar nilesinga før prøvane, deretter den nervepirrande ventinga på karakteren. Var resultatet bra, følte eg det var strevet verdt, sjølv om prøvestoffet var gløymt innan eit par veker. Det var karakteren som gav meining. Ikkje sjølve kunnskapen.

Slik er det nok for mange elevar. Når hormonane herjar som verst og skule ikkje har nokon annan betydning enn det reint sosiale, vil også motivasjonen for å lære la seg farge av dette. Ein elev vil kanskje oppnå godt resultat for å glede læraren. Ein annan derimot vil oppnå godt resultat for ikkje å gjere det dårlegare enn klassekameratane. Det finnes også dei som veit at det ventar ein hundrelapp dersom 5-aren er sikra. Me har alle ulike ting som driv oss. Difor er det så viktig å kjenne sine elevar. Kjenner ein elevane sine interesser, vil ein også forstå kva som driv kvar og ein.
Me skil mellom indre og ytre motivasjon. Begge deler er godt ankra fast i skulen, og eg trur at ein kombinasjon av desse vil vere med på å nå ut til flest mogleg. Dersom eleven interesserar seg for lærestoffet, vil vegen til godt resultat sannsynleg vis vere kort. Men kanskje er ytre motivasjon akkurat det som skal til for at eleven skal få interesse for faget? Dersom eleven sjølv ser at han meistrar, vil kanskje interessa for faget vekse fram?
Attribusjonsteori handlar om å finne årasaken til det som hender oss. Elevar med låg sjølvoppfatning, vil oftare forklare nederlag med indre årsaker enn ein med høg sjølvoppfatning. Dersom ein slik elev får godt resultat vil han kanskje forklare det med flaks. Ein elev som alltid møter nederlag vil sannsynlegvis til slutt gi opp. Dersom eleven ikkje har trua på at han kan meistre, vil sannsynlegvis prestasjonen la seg farge av dette.
Eit døme eg kom til å tenkje på i samband med dette: Resultat har vist at gutar gjer det bedre i matematikk enn jenter. Jentene derimot skårar høgare i språkfaga. Med andre ord er det blitt akseptert at jenter ikkje gjer det så godt i matematikk, på same måte som at gutar ikkje toppar resultatet i norsken og framandspråka. Om det er myte eller fakta, veit eg ikkje, men eg trur at dersom forventningane til kva me kan prestera er låge, vil prestasjonen bli deretter. Det er så utruleg viktig at me gir elevane forståing for at godt og gjevnt arbeid vil gi resultat. Dersom eleven forklarer dårleg resultat med indre årsaker vil dette skade sjølvoppfatninga: "Eg er for dum til å greie det". Å gi eleven ros er utruleg viktig uansett nivået eleven ligg på. Når eleven har gjort ein god innsats og arbeidd jamnt og trutt, er det viktig at me gir ros, uansett om eleven kanskje ikkje scora høgt i klassesamanheng. Ein må gi konkrete tilbakemeldingar om kva som er godt med arbeidet til eleven. Men like viktig er det at eleven får forklaring på kva som skal til for å gjere det enda bedre neste gong.
I eit klasserom møter me mange ulike personlegdommar. På første rad sit Håvard og Kristine og nærmast konkurrerer om merksemda til læraren og dei andre klassekameratane. Dei er dei første til å rekkje opp handa når anledninga byr seg. I bakerste hjørne finn me Hans som gruar seg kvar gong han må lese høgt. Han har boka oppslått på pulten, fordi det kjennest litt tryggare då.
Motivasjon er sterkt knytta til kjenslelivet og personlegdommen vår. Angst for å feile og glede over å meistre er med på å forme drivkrafta vår. Dersom angsten tek overhand vil eleven i liten grad verte motivert. Den vil prøve å vri seg unna, finne ein utveg for å unngå det som er ubehageleg. Dersom lysta til å meistre er større enn angsten for å feile, vil eleven bli motivert til å ta fatt på oppgåva. Så kva kan me som lærarar gjere?
Nok ein gong trur eg ein må spele på interessene til eleven. Eg trur at ved å la eleven få "vise seg" i nokre av evnene sine, vil kanskje også sjølvoppfatninga vekse? Eg hugsar tilbake til tidleg ungdomsskule, der eg gjekk i klasse med ein gut som hadde opplevd mobbing gjennom heile skulen. Ikkje gjorde han det særs godt på skulen heller. Å prate høgt i klassen var hans aller verste mareritt, og når han først gjorde det, var det med mumlande og stammande røyst. Mobbarane hadde gjort han til ein "usynleg elev".
Lærarinna mi visste ein ting som ingen andre visste. Han var ein gud på gitar. Når anledninga baud seg, fekk ho overtalt han til å spele for klassen, og etter dette blomstra han verkeleg. Eg trur sjølvsagt ikkje det er så enkelt i alle tilfelle, men eg føler eg sjølv lærte noko av den episoden.




2 kommentarer:

Anja S sa...

Hei Astrid!

Jeg synes du har gjort en utrolig god jobb med å gjøre faglitteraturen til din egen ved bruk av egne ord og erfaringer. Spesielt vil jeg trekke fram måten du kopler stoffet til oss som fremtidige lærere. Hvordan tror du det vi har lært om motivasjon disse ukene vil gagne deg i arbeidslivet? Dette kunne jeg tenke meg å høre litt mer om! :)

Steinar sa...

Ja, eigne erfaringar er ofte ein nyttig nøkkel inn til fagstoff, både for lærarar og elevar. Slik får du også fram at du har forstått mykje av kva dette handlar om.

Det med interesser og sterke sider er heilt sikkert svært viktig, det var godt for den mobba guten at lærarinna visse om hans sterke sider. Har du nokre idear omkring korleis me som lærarar kan arbeide for å få kjennskap til elevane sine interesser og sterke sider?