torsdag 12. mars 2009

Leik og læring

Leik er eit fenomen som eg trur er i oss heile livet. Også vaksne leikar, sjølv om dei neppe vågar å innrømme det. Berre tenk på mannen i midtlivskrise! Han kjøper seg motorsykkel og skinndress, eller han finn plutseleg ut at han skal lære seg å spele trommer. Mor samlar kanskje på koppesett. Og blir man eigentleg for gammal til eit slag med kort? Dette er etter mi meining også ein form for leik. Det er fysisk og psykisk aktivitet som me føretar oss for moro skuld, og som ikkje har noko mål utover seg sjølv. Me utfører handlinga fordi det er "gøy" og motiverande.
Leik lærer born å bli kjend med omverda. Dei lærer å kjenne andre, og ikkje minst lærer dei å kjenne seg sjølv. Heilt frå den heilt tidlege leiken som Piaget omtalar som den sansemotoriske leiken, lærer barnet seg sjølv og omverda å kjenne. Gjennom sansane og røyrsle testar born sine eigne grenser.

I L97 var stod leiken sentralt og som eit viktig moment i undervisninga. Læreplanen vart kritisert for å føre til for lite læringsretta aktivitet i skulen. Det var riktig nok mykje aktivitet, men aktiviteten var lite målretta. Internasjonale undersøkingar viste at norske elevar skåra dårleg i internasjonal samanheng. Så kom Lk06 med fokus på problemløysing og kunnskapar som ville gje elevane forståing. Læreplanen som gir lærarane stor metodefrihet, omtalar ikkje leik i det heile. Men det betyr aldeles ikkje at me skal styre unna leiken. Alle elevar har krav på tilpassa opplæring. Det betyr at me som lærarar må våge å møte elevane sin måte å kommunisere og uttrykkje seg på. Me må ta utgongspunkt i elevane sine interesser og våge å la elevane møte læringsstoffet gjennom desse.

Leiken er verdifull for utviklinga av det faglege knytta opp mot undervisningsstoffet. Men leiken for leiken si skuld har også etter mi meining enormt læringsutbytte. Gjennom leiken knyter born kontakt med andre og lærer evne til samarbeid. Ved leik lærer borna å kommunisere og dei utviklar munnlege ferdigheter. I leiken må dei lære å vise hensyn til andre. Dei må følgje "spelereglane". Leik er leik. Dersom ein ikkje følgjer spelereglane, vil leiken utvikle seg til alvor.

Leiken er ein prosess som førebur born på det vaksne livet. I leiken kan bornet heve seg over seg sjølv og sin eigen alder. Dei går inn i roller og som tilhøyrer den vaksne verda. Kven har ikkje leika "mor, far og born" då dei var små? Born etterliknar førebileta sine. I tidleg alder vil foreldra vere det naturlege førebilete. Etterkvart som borna frigjer seg frå foreldra, blir kanskje fotballspelaren på Manchester United eller den kule popstjerna på TV den største inspirasjonskilda i leiken. Uansett er leiken med på å gjere born bevisste på sine eigne og andre sine grenser. Dei lærer evne til å setje seg inn i ein annan sitt perspektiv og sjå fleire sider av ei sak. Med andre ord finnest det utallige grunnar til at leiken i seg sjølv er læringsstimulerande

Leik er dessutan utruleg motiverande, og dette burde som lærarar ta nytte av. Ved å bruke leik som læringsaktivitet trur eg me kan nå mange av dei elevane som vanskeleg lar seg motivere av tavleundervisning og tradisjonell oppgåveløysing. Også det fysiske aspektet ved leik er ein positiv faktor som me burde nytte, også i skulen. Det er ikkje til å leggje ba ein stol at dagens unge sit for mykje i ro. Dei sit i ro mykje av skuledagen, og mange sit også i ro når dei kjem heim. Dette får utan tvil negative konsekvensar. Fysisk aktivitet gjer deg vaknare, den stimulerer konsentrasjonsevna og motiverer.

Så korleis kan me nytte leiken i skulen for læring si skuld? Det er mange aktivitetar som kan gjere det lettare for elevane ha ein knagg å hengje lærestoffet på. Dramatisering og rolleleik, der elevane t.d. rekonstruerer ei historisk hending er eit døme. Butikk-leik i samband med matematikk er eit anna. Leik kan brukast til nesten alt. Eg trur det er læraren si usikkerhet som er den største hindringa ved å nytte leik i skulen. Redsel for at det skal oppstå kaos, eller "farlege" situasjonar, er nok med gjere oss litt redde for å bruke leik i undervisinga. Eg trur det er svært mange lærarar som ønskjer og vil nytta leik i undetvisninga, men som kanskje ikkje veit heilt korleis dei skal gripe det fatt.
Men kva skal så vere læraren si rolle i leiken? Her må situasjonen vurderast. Det kan imidlertid vere mindre heldig ha ei ignorerande rolle til leiken, der den vaksne berre grip inn dersom det oppstår konfliktar og for mykje støy. Dette går spesielt utover dei borna som treng støtte for å våge seg inn i leiken, eller dei borna som rett og slett ikkje "får lov" til å vere med i leiken. Å overta leiken til borna og gjere borna til statistar er også mindre heldig.
Den vaksne bør fungere som ein som legg til rette og set rammer for tid og rom, utstyr og materiell. Ved å observere born sin leik, kan men lære mykje om korleis ein kan ta utgongspunkt i borna sin eigen leik og koble den til lærestoffet.