Dramatisk, men dessverre trur eg at nokså mange har opplevd dette i løpet av skuletida. Vurdering som i form av karakterar ikkje seier noko som helst om kva som er gjort feil, og ikkje minst kva som skal til for å gjere det bedre. Som lærarar er me i dag pålagt å gje elevane feed-back. Det vil seie framovermelding. Læraren sine tilbakemeldingar skal gi eleven hjelp til framgong, og gi informasjon om kva ein god prestasjon er. Læraren blir ein slags vegvisar som støttar og veileder eleven på vegen fram mot målet.
Det har vist seg at det som har størst effekt er tilbakemeldingar som gir eleven informasjon om oppgåva og korleis eleven kan utføra opfåva på ein bedre måte. Minst effekt har ros, belønning og straff. Med andre ord er ikkje "Godt jobba!", "Bra!" eller "Lite godt" fullverdige tilbakemeldingar. Elevane skal vite kva som gjer arbeidet deira godt, og kva som skal til for å gjera det bedre neste gong. Effektiv feedback skal gi elevane tre svar: Kva som er målet, kor eleven er i forhold til målet og kva som skal til for å kome til målet.
Det er ikkje lenge til praksis, og då skal me sjølve få prøva oss på det å gi tilbakemeldingar og feed-back. Dette trur eg blir både lærerikt og interessant. Det er viktig at me rettar oss inn mot tilbakemelding på oppgåvenivå, og unngår tilbakemeldingar på personnivå. Tilbakemeldingar som "No har du vore flink jente!", seier eleven ingenting om kva som er bra, og vil sjeldan føra til større innsats eller meir interesse for stoffet. Men det vil ikkje seia at ein ikkje skal gi ros til elevane. Ein må gi eleven ros, men rosen må vera knytta til oppgåvestoffet!
Tre kriterier for god vurderingspraksis er:
1) Oppmersomhetskriteriet- Å sjå eleven.
2) Kompetansekriteriet- Å auka eleven sin kompetanse.
3)Informasjonskriteriet- Hjelp for framgong og informasjon om kva ein god prestasjon er.
Dersom eleven ikkje føler at han blir sett av læraren, vil han heller ikkje bry seg om å gjera det godt. Motivasjonen vil sannsynlegvis etter kvart svikta. Dersom læraren til dømes vel å la nokon andre enn Kari svara høgt i klassen kvar einaste gong, fordi han veit ho kan stoffet sitt, er det ikkje sikkert Kari oppfattar det slik. Ho føler seg oversett, og ser difor ingen vits i å streva for å gjera det godt. Alle elevar har krav på merksemd, uansett læreforutsetningar og nivå.
For at elevane skal gjera ein god prestasjon er det heilt naudsynt at dei veit kva som er venta av dei. Dei må vita kva det vil seia å gjera ein god prestasjon. Veit ikkje eleven dette, er sjansane store for at eleven anten gjer ein for liten innsats eller strevar seg i hjel for å gjere det godt nok. Elevane må få kjensle av at det dei arbeidar med har mål og meining. Difor er feed-back så viktig. Elevane må sjølve bli bevisste på kva som skal til for å få progresjon, men det er læraren som må leggja til rette for dette.